Kinesisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kinesisk (fleirtyding).
Kinesisk
(汉语/漢語;中文)
Klassifisering: Sino-tibetansk
 Sinittisk
  Kinesisk
Talarar: kinesarar
Bruk
Tala i: Folkerepublikken Kina, Republikken Kina, Singapore, Indonesia, Malaysia, og i andre kinesisksamfunn verda rundt.
Område: Aust-Asia
Kinesisktalande i alt: 1,2 milliardar
Rangering: 1 (viss rekna som eitt språk)
Skriftsystem: Kinesisk
Offisiell status
Offisielt språk i: Folkerepublikken Kina, Republikken Kina, Singapore
Normert av: i Folkerepublikken Kina: ulike organ(på kinesisk)
Språkkodar
ISO 639-1: zh
ISO 639-2: chi/zho

Kinesisk (汉语/漢語 hànyǔ, 华语/華語 huáyǔ, eller 中文 zhōngwén) er ei språkgruppe i den sinotibetanske språkfamilien. Innan kinesisk tradisjon blir dei mange ulike variantane av kinesisk talespråk gjerne rekna som eitt språk, sjølv om mange dei ikkje er gjensidig forståelege. Lingvistisk kan skiljet mellom desse jamførast med skiljet mellom til dømes dei romanske språka. Skriftspråket har også endra seg over tid, men mykje seinare enn talespråket og har dermed mindre variasjon.

Om lag ein femtedel av folket i verda har ei form av kinesisk som morsmål, og dette er dermed det språket med flest morsmålsbrukarar i verda. Det kinesiske språket (slik det er tala på standard mandarin) er det offisielle språket til Folkerepublikken Kina og Republikken Kina (Taiwan), eitt av fire offisielle språk i Singapore, og eitt av dei seks offisielle språka til Dei sameinte nasjonane.

Kinesisk talespråk er eit tonespråk. Det er i slekt med tibetansk og burmesisk, men ikkje med nabospråka koreansk, vietnamesisk, thai eller japansk. Desse språka har likevel vorte påverka av kinesisk gjennom tidene. Koreansk og japansk nyttar kinesiske teikn i skriftspråka sine, då kalla hanja og kanji. I Nord-Korea nyttar ein ikkje lenger hanja, og hangul er der den einaste skrifta. I Sør-Korea nyttar ein hanja som ein slags utheva tekst. Vietnamesisk har også mange kinesiske låneord, men bruker ikkje lenger kinesiske teikn.

Kinesisk talespråk[endre | endre wikiteksten]

Språkforskarar flest klassifiserer all variantane av kinesisk under den sinotibetanske språkfamilien. Dei trur at det eksisterte eit urspråk (tilsvarande protoindoeuropeisk) som alle dei sinittiske og tibetokarenske språka har opphavet sitt frå. Samanhengen mellom kinesisk og dei andre sino-tibetanske språka er ennå uklar og vert forska mykje på. Forskarar forsøker å rekonstruera protosinotibetansk. Det største problemet er at sjølv om det finst god dokumentasjon som hjelper oss i å rekonstruera lydane av antikk kinesisk, så finst det ingen skriftleg dokumentasjon på skiljet mellom protosinotibetansk. I tillegg så er mange av dei andre språka som kunne ha hjelpt oss i rekonstrueringa av proto-sino-tibetansk dårleg dokumenterte og forstått.

Ulike typar kinesisk.

Kartet til høgre syner undergrupperingane av kinesisk. Desse vert ofte kalla dialektar, sjølv om dei lingvistisk sett kan sjåast på som ulike språk. Dei sju hovudgruppene er mandarin (sjå linjene trekt frå Beijing), wu (inkludert shanghaikinesisk), xiang, yuè (kantonesisk), gan, hakka og min. Språkforskarar deler denne siste gruppa i opp til fem eller sju undergrupper, alle med språk som er gjensidig uforståelege. Språkforskarar som skil mellom ti i staden for sju hovudgrupper skil jin frå mandarin, ping frå yue, og hui frå wu. Der finst også mange andre mindre grupper som gjer klassifisering forvirrande. Desse inkluderer blant anna dungan, ein nordvestleg mandarindialekt talt av muslimar av kinesisk opphav som bur i Kirgisistan, danzhou-hua talt på Hainan, xiang-hua 乡话 (ikkje det same som xiang 湘) talt i vestre Hunan, og shaozhou-tuhua talt i nordre Guangdong.

I tillegg til skilja nemnde ovanfor, finst det òg Putonghua og Guoyu, namna på dei offisielle språka respektivt i Folkerepublikken Kina og i Republikken Kina. Begge desse er baserte på mandarindialekten slik ein snakkar i Beijing og vert brukt som eit lingua franca. Dette er derfor stats-, media- og undervisingsspråket i begge desse landa.

Der er ein strid om terminologien som vert brukt for å skildra dei ulike undergruppene til kinesisk. Nokre føretrekk å kalla kinesisk eit språk og undergruppene dialektar, medan andre føretrekk å kalla kinesisk ein språkfamilie og undergruppene språk. Meir om denne debatten finn du nedanfor. På den andre sida, sjølv om Dungan ligg veldig nære mandarin, er det ikkje mange som reknar det som «kinesisk» sidan det er skrive på kyrillisk, og talt av dunganfolket utanfor Kina, eit folk som ikkje vert rekna for å vera kinesisk på nokon måte.

Det er vanleg at kinesisktalande snakkar fleire variantar av språket. Til dømes kan ein person i Sør-Kina ofte snakka Putonghua, den lokale språkvarianten i tillegg til ein annan regional dialekt, som til dømes kantonesisk. Fleirspråklege personar som dette kodevekslar mellom dei ulike språka avhengig av situasjonen. Av og til vert dei ulike dialektane blanda med kvarandre, avhengig av geografisk påverknad. Ein person som bur på Taiwan til dømes blandar ofte uttale, frasar og ord frå mandarin og taiwansk. Denne blandinga er sosialt akseptert i mange tilfelle.

Er kinesisk eit språk eller ein språkfamilie?[endre | endre wikiteksten]

Uttrykk og konsept som kinesarar nyttar for «språk» er ulike dei som vert brukte i vesten. Dette er dels på grunn av den sameinande effekten dei kinesiske teikna har, dels på grunn av ulikskapar i politisk og sosial utvikling i Kina samanlikna med Europa. Europa kløyvde seg etter Romarriket gjekk under og fekk mange små nasjonalstatar, og identiteten til desse vart ofte definert gjennom språket. Kina klarte derimot å halda fram eit kulturelt og politisk samhald i den same perioden.

«Zhongwen» ('Kinesisk [skrift]språk', pinyin zhōngwén) skrive med kinesiske teikn

Ein stor skilnad mellom kinesiske språkkonsept og vestlege konsept er at kinesarar skil tydeleg skriftspråk (文 wén) frå talespråk (语/語 ). I tillegg skil dei mellom skrivne ord (字 ) og talte ord (话/話 huá). Tanken om eit særskilt hopehav mellom skrift- og talespråk er sterkare i Vesten enn i Kina. Det finst mange variantar av kinesisk talespråk, den mest framståande er mandarin. Det finst likevel berre eitt sameina skriftspråk, med to noko ulike system i bruk (sjå nedanfor). Kinesisk talespråk er sett saman av mange regionale og gjensidig uforståelege variantar. I Vesten kjenner mange til korleis dei romanske språka alle kjem frå latin og har dermed mange liknande eigenskapar sjølv om dei er gjensidig uforståelege. Den kinesiske lingvistiske evolusjonen er liknande, men den sosiopolitiske samanhengen er ganske ulik.

Politisk oppstykking i Europa skapte uavhengige nasjonalstatar som er nokolunde like store som dei kinesiske provinsane. Dette skapte eit politisk ønske om å danna separate kulturelle og litterære mål mellom nasjonalstatane. Språka vart standardiserte innan kvar stat.

I Kina eksisterte det heile tida ein kulturell og litterær standard, sjølv om det på same tida ikkje eksisterte noko særskilt ønske om å standardisera talespråket mellom dei ulike byane og fylka. Dette resulterte i ein lingvistisk kontekst som er svært ulik den ein ser i Europa, og dette har hatt sterk påverknad i korleis ein skildrar dei ulike variantane av kinesisk talespråk.

Det var til dømes vanleg at språket til ein nasjonalstat vart standardisert til slik ein tala i hovudstaden. Dette gjorde det lett å klassifisera språk som til dømes fransk og spansk, og var med på å skjerpa dei lingvistiske ulikskapane. Ein bonde på den eine sida av grensa byrja å modellera språket sitt etter slik ein snakka i Paris, medan ein bonde på andre sida fekk meir av ein Madrid-dialekt. Dette skjedde ikkje i Kina, så kategorisering av variasjonar kan vera vanskeleg, delvis fordi ulike dialektar blandar seg med kvarandre. På grunn av dette er språkforskarar ueinige med kvarandre om klassifisering.

På grunn av dette, ser kinesarar generelt sett på kinesisk som eitt språk. For å beskriva dialektar bruker kinesarar vanlegvis stadsmål, til dømes som i Běijīng huà (北京話/北京话) eller beijingmål, eller Shànghǎi huà (上海話/上海话) eller shanghaimål. Folk flest er dermed ikkje klar over korleis desse ulike hua er kategoriserte som "språk" basert på gjensidig forståing. Derfor, sjølv om mange naboprovinsar i Nord-Kina har ganske likt talespråk, medan folk i naboprovinsar i Sør-Kina kan ha problem med å forstå kvarandre, blir alle desse språkvariantane rekna som ulike hua, likestilte variantar av eitt kinesisk talespråk.

På grunn av denne oppfatninga om eitt kinesisk talespråk av majoriteten av dei kinesisktalande, nyttar mange språkforskarar denne definisjonen og reknar kinesisk som eitt språk og variasjonane som dialektar. Andre brukar krav om forståing mellom språkbrukarar for å definere frå sju til 17 ulike slektande «språk» under språkgruppa kinesisk, alle med variasjonar ein kan samanlikna med variasjonane i dei romanske språka.

Det bør også merkjast at dette skiljet kan ha politiske overtonar. Å rekna kinesisk som ulike språk kan implisera at Kina faktisk skulle ha vore mange ulike nasjonar, og at hàn-folket faktisk er samansett av fleire ulike rasar. På grunn av er det mange kinesarar som ikkje trivst med denne tankegangen fordi dei er redde for at han kan legitimisera lausrivingsrørsler. Tilhengjarar av taiwansk sjølvstende driv til dømes fram Min- og Hakka-undervising.

Samanhengane mellom etnisitet, politikk og språk kan likevel vera meir komplekse enn dette. For dei som snakkar wu, min, hakka, eller yue og reknar desse som eigne talespråk, men likevel ser på det kinesiske folket som ei eining, ser ikkje på det som ei motseiing. I tillegg erklærer Folkerepublikken Kina offisielt at Kina er ein multinasjonal nasjon, og at termen kinesisk inkluderer grupper som ikkje snakkar kinesisk i det heile teke. Dei som snakkar kinesisk vert kalla hankinesarar, noko som er eit etnisk og kulturelt konsept, ikkje eit politisk konsept. På same måte kan ein finne tilhengjarar av kinesisk samanslåing som også er interesserte i å driva fram dei lokale måla, og tilhengjarar av taiwansk sjølvstende som er lite interesserte i dette temaet.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste kinesiske inskripsjonane ein har kjent har vore inskripsjonar på bein frå Shang-dynastiet, men i 2013 fann kinesiske arkeologar primitive i Zhuangqiao som ein trur er rundt 5000 år gamle.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kinesisk