Kinesisk Taipei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
OL-flagget

Kinesisk Taipei er det offisielle namnet idrettsutøvarane til Taiwan tevlar for under dei olympiske leikane og dei paralympiske leikane.

Det offisielle namnet til Taiwan er Republikken Kina. Både Folkerepublikken Kina og Republikken Kina gjer krav på å representere heile Kina. I tillegg meiner regimet i Beijing at heile øya Taiwan tilhøyrer Kina. Denne konflikten har pågått heilt sidan den kinesiske borgarkrigen på 1940-talet.

Taipei er hovudstaden i Taiwan. For at denne politiske konflikten ikkje skal hindre idrettsutøvarar frå Taiwan frå å deltake i fredelege idrettstilstellingar, tevlar dei under det geografiske og politisk nøytrale namnet Kinesisk Taipei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]