Kinesisk renminbi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Renminbi er valutaen i Kina. Valutakoden for renminbi er CNY.

Sjølve grunneininga av renminbi er yuan, som vert delt opp i 10 jiao. Dette blir så delt opp i 100 fen. Den største eininga er 100 yuan og den minste er 1 fen.

Renminbi vart sett i omlaup like før den kommunistiske overtakinga i 1949. Ein av de første oppgåvene til det nye styret var å få slutt på hyperinflasjonen som hadde plaga Kina sidan slutten av Kuomintangperioden.

Under åra med planøkonomi vart vekslingskursen på renminbi sett til eit urealistisk høgt nivå i høve til vestlege land sine valuta, og strenge vekslingslover vart sett i verk. Renminbi blir av mange framleis rekna som sterkt overkursa den dag i dag. Hovudgrunnen til dette er at det ikkje er ein fri marknad som fastsett kursen. Kursen kan i dag variere innanfor eit smalt band vekta mot ei korg andre valutaer. Dersom ein ser på kjøpekrafta til dei ulike valutaene - såkalla Purchasing Power Parity (PPP) vil mange kome til eit motsett standpunkt. Ein av dei mest særeigne måtane å måle PPP er gjennom den såkalla «Big Mac indeksen» som måler prisen på ein hamburgar i ulike land. Denne indeksen viser at Renminbi er kraftig underkursa samanlikna med amerikanske dollar.