Kinesiske nasjonalitetar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plakat i Kina med nokre av dei 56 offisielt anerkjende folkegruppene i landet.

Kinesiske nasjonalitetar er folkegrupper definert og anerkjend av den politiske leiinga i Folkerepublikken Kina. Det gjeld 56 nasjonale eller etniske grupper. Av di ei av gruppene, hankinesarar, omfattar knapt 92 % av innbyggjarane i Folkerepublikken Kina, er det også helst vanleg med omtale av ei gruppe som ein av dei 55 nasjonale minoritetane i Kina.

Det er semje om at den offisielle definisjon av nasjonale grupper i si tid var noko unøyaktig og dels uheldig, men så langt (2008) er det ikkje noko som tyder på noko offisiell revisjon av oversikta er å vente. Det er semje om at landet i alle fall har kring 15-20 etniske grupper som ikkje er offisielt anerkjend (til dømes sherpane).

Minoritetsfolka utgjer samla godt over 100 millionar menneske i Kina. I 2010 utgjorde medlemmene av alle minoritetane til saman 8,49 % av innbyggjarane i Kina.[1]

Dei tradisjonelle busetjingsområda deira dekkar meir enn 60 % av territoret til Folkerepublikken Kina. Berre 18 av dei nasjonale minoritetane har ein befolkning som overskrid milliongrensa.

Dei viktigare minoritetsfolka er, etter storregion:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kinesiske nasjonalitetar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]