King Edward VII Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 77°40′S 155°00′W
King Edward VII Land
halvøy
none  Plasseringa til King Edward VII Land (merka i oransje) i Ross Dependency
Plasseringa til King Edward VII Land (merka i oransje) i Ross Dependency
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Victoria Land
 - koordinatar 77°40′S 155°00′W
Administrert under Antarktistraktaten
Kart over området kring Edward VII Peninsula
Kart over området kring Edward VII Peninsula
King Edward VII Land is located in Antarktis
King Edward VII Land (Antarktis)

King Edward VII Land eller King Edward VII Peninsula er ei stor, isdekt halvøy heilt nordvest i Marie Byrd Land i Antarktis. Halvøya stikk ut i Rosshavet mellom Sulzberger Bay og nordausthjørnet av Rossisen og er ein del av Ross Dependency. Edward VII Peninsula grensar til Rossisen i sørvest, Okuma Bay i vest, og i aust til Sulzberger Bay og Saunders Coast. Heil nordvest på halvøya ligg Cape Colbeck.

Frimerke frå New Zealand med overtrykk for å kunne nyttast på den britiske basen.

Vestkysten av halvøya heiter Shirase Coast. I nord og aust ligg Swinburne isbrem. Edward VII Peninsula vart oppdaga den 30. januar 1902, av Discovery-ekspedisjonen (BrNAE) (1901–1904) under Robert Falcon Scott, som namngav ho King Edward VII Land etter den britiske kongen Edvard VII av Storbritannia. Kysten vart vidare utforska av Nimrod-ekspedisjonen under Ernest Shackleton i 1908-09, og dei første som gjekk i land på halvøya var eit lag frå Den japanske antarktisekspedisjonen leia av Shirase Nobu i 1912. Regionen was omdøypt «Edward VII Peninsula» etter at det vart avgjort at ho var ei halvøy av Byrd-ekspedisjonen (1933–1935) og United States Antarctic Service (USAS) Expedition (1939–1941).

Det meste av halvøya ligg innanfor Ross Dependency, som er kravområdet til New Zealand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]