King Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
King Peninsula
halvøy
Land  Antarktis
Stad Ellsworth Land
 - koordinatar 72°12′S 100°15′W / 72.200°S 100.250°W / -72.200; -100.250
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
King Peninsula
72°12′S 100°15′W / 72.2°S 100.25°W / -72.2; -100.25
King Peninsula is located in Antarktis
King Peninsula (Antarktis)

King Peninsula er ei isdekt halvøy, 160 km lang og 30 km brei, som ligg sør for Thurston Island og på sørsida av Peacock Sound. Ho strekkjer seg frå kontinentalisen og vestover mellom Abbot isbrem og Cosgrove isbrem til Amundsenhavet. Neset vart fotografert frå lufta av USN Operasjon Highjump, 1946–47, og kartlagd frå desse bileta som ei lang øy, eller mogelegeins ei halvøy. Bilete teken av USN i 1966 synte at det var ei halvøy.

King Peninsula vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter flåteadmiral Ernest J. King i US Navy generalinspektør for sjøforsvaret frå 1942–45, som godkjende arbeidet for Operasjon Highjump.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «King Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).