Kinks-Size

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kinks-Size
Studioalbum av The Kinks
Utgjeve Mars 1965
Innspelt August til desember 1964[1]
Sjanger Rock and roll
Selskap Reprise R-6158
Produsent Shel Talmy
Kritikk
The Kinks-kronologi
Kinks
(1964)
Kinks-Size Kinda Kinks
(1965)

Kinks-Size er eit album av det engelske bandet The Kinks frå 1965, som berre vart gjeven ut i Amerika. Det var ein vanleg praksis for plateselskapa i Storbritannia og USA på første halvdel av 1960-talet å gje ut forskjellige plater i dei to landa. Dei amerikanske platene hadde oftare færre spor og færre originale songar, samt at EPar var langt mindre populære i den amerikanske marknaden. I 1965 gav Reprise derfor ut to album i USA, Kinks-Size og Kinkdom.

Dette vart det mest populære Kinks-albumet i 1960-åra i USA (om ein ser bort frå samlealbum). Det nådde 13. plass på albumlista.

Albumet har fått tittel frå den britiske EPen Kinsize Sessions. Albumet bestod av fire spor frå den britiske EPen, to songar som ikkje kom med på den amerikanske utgåva av debutalbumet deira og dei to siste singlane deira («All Day and All of the Night» og «Tired of Waiting for You») med B-sider («I Gotta Move» og «Come On Now»).

Desse songane er i dag tilgjengeleg på utvida CD-utgåver av Kinks og Kinda Kinks.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ray Davies, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Tired of Waiting for You»    
2. «Louie Louie» (Richard Berry)  
3. «I've Got That Feeling»    
4. «Revenge» (R. Davies, Larry Page)  
5. «I Gotta Move»    
Side to
# Tittel Lengd
6. «Things are Getting Better»    
7. «I Gotta Go Now»    
8. «I'm a Lover Not a Fighter» (Miller)  
9. «Come On Now»    
10. «All Day and All of the Night»    

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kinks-Size på kinks.it.rit.edu.