Kinlochleven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kinlochleven

skotsk-gælisk Ceann Loch Lìobhann
Kinlochleven slik ein ser det frå fjella i nord
Kinlochleven slik ein ser det frå fjella i nord
Plassering
Kinlochleven is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Highland
Geografi
Koordinatar 56°43′″N 4°58′″WKoordinatar: 56°43′″N 4°58′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer PH50 4
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kinlochleven

Kinlochleven er ein landsby i i distriktet Lochaber regionen Highland i Skottland. Byen blir delt i to av ei lita elv. Den sørlege delen heiter Kinlochleven, medan den nordlege heiter Kinlochmore. Han ligg i enden av Loch Leven, som trass namnet ikkje er ein innsjø men ein fjordarm som består av saltvatn. Landsbyen har i dei siste åra vorte ein svært populært stoppestad for fotturistar som går den berømte West Highland Way.

Årleg har landsbyen besøk av rundt 100 000 turistar og er i dag ein av dei fem mest vitja stadane i Skottland. Tidlegare var det industrien, og då særleg alluminiumssverket som bar byen økonomisk. I dag har turismen naturleg nok teke meir over som hovudnæring.

Det bur rundt 1000 innbyggjarar i landsbyen, fordelt på omkring 420 husstandar. Svært mange av dei desse livnærer seg ekstra ved å drive ein Bed and Breakfast for dei mange vandrarane.

Ice Factor slik han framstår i dag

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Ice Factor er den mest kjende attraksjonen i byen og er det høgaste isklatresenteret innandørs i verda. I tillegg til klatreveggen av is, finst det fleire andre vanlege klatrevegger med ulik vanskelegheitsgrad. Inne i Ice Factor finn ein òg ein bistro og ein kafeteria.
  • Naturen rundt Kinlochleven er det dei fleste turistane valfartar for å oppleve. Med nærleiken til mektige Glen Coe i sør, og fjellvegen til Fort Williman nordover, er vala mange.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]