Kinn
| Kinn | |
|---|---|
Den særmerkte fjellformasjonen Kinnaklova sett frå kyrkjegarden ved Kinn kyrkje Foto: Hjorthefoto |
|
| Geografi | |
| Stad | Sunnfjord |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Areal | 2,5 km² |
| Høgaste punkt | 315 moh. |
| Administrasjon | |
| Land | |
| Fylke | Sogn og Fjordane |
Kinn er ei norsk øy som ligg vest for Florø i Sogn og Fjordane fylke. Øya Kinn var tidlegare del av Kinn kommune, men vart etter kommunesamanslåinga i 1964 innlemma i Flora kommune.
Kinn kyrkje har lange tradisjonar knytt til seg, truleg heilt attende til år 1150. Eit eige spel, Kinnaspelet, er skrive om Kinn og kyrkja der.
Innhaldsliste |
Kinn prestegjeld[endre]
Kinn var fram til 2004 eit prestegjeld. Prestegjeldet tilsvarde Flora kommune i utstrekking og var deld i fire sokn; Kinn sokn, Bru sokn, Eikefjord sokn og Nordal sokn. Bremanger prestegjeld vart skild ut frå Kinn i 1864.[1] Prestetenesta i Flora er no leia av prosten i Sunnfjord prosti, og ordninga med prestegjeld er utfasa.
Tidlegare Kinn kommune[endre]
Kinn kommune vart skipa i 1838 og hadde same utstrekkinga som Kinn prestegjeld. I 1861 vart Florø, med 846 innbyggjarar, skild ut frå Kinn kommune som ladestad. Etter delinga budde det 6 531 personar i Kinn kommune. Fem år etter, i 1866, vart Bremanger utskild frå Kinn som eigen kommune. Etter delinga budde det 1 852 personar i nye Bremanger kommune og 4679 att i Kinn kommune. I 1923 vart kommuen deld i tre og Bru og Eikefjord skipa som eigne kommunar. Eikefjord hadde ved opprettinga 929 innbyggjarar og Bru hadde 1 560, medan det budde att 2 508 i Kinn kommune. I 1964 vart Bru, Eikefjord, Kinn og Florø ihopslegne til nye Flora kommune.[2]
Folketalsutvikling[endre]
Før delinga av kommunen i 1923 var Kinn den mest folkerike kommunen i Sogn og Fjordane. Ved delinga hadde den gamle kommunen til saman 4997 innbyggjarar.
Folketalsutvikling for tidlegare Kinn kommune frå 1923 til 1964:
| 1.1.1923[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5] | 1.1.1961[5] | 1.1.1964[3] |
|---|---|---|---|---|---|
| 2508 | 2546 | 2685 | 2784 | 3425 | 3567 |
Fotnotar[endre]
- ↑ «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- ↑ Jukvam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen. Statistisk sentralbyrå 1999. s.53-56
- ↑ 3,0 3,1 «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå.
- ↑ 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 5,0 5,1 Folkemengd i Kinn 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå