Kintyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kintyre vist innanfor Argyll.

Koordinatar: 55°30′N 5°35′W Kintyre er ei halvøy i vestlege Skottland i sørvestlege Argyll og Bute, regionen strekkjer seg bortimot 48 km frå Mull of Kintyre, som vart udødeleggjort i songen med same namn av Paul McCartney, i sør til East Loch Tarbert i nord. Regionen rett nord for halvøya er kjent som Knapdale.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Geografisk er halvøya Kintyre lang og smal, og ikkje på noko punkt breiare enn 18 km frå vestkysten til austkysten. Den sentrale ryggsøyla av halvøya er for det meste kupert med myrområde. Kysten og områda rundt er derimot svært fruktbar. Difor har Kintyre i alle år vore ettertrakta for busetjarar, frå dei første skutane frå Irland som emigrerte frå Ulster til vestlege Skottland til nordmenn frå Vestlandet som erobra og busette seg i det same området i tida før 1000-talet.

Hovudbyen er Campbeltown, omtrent 32 km i veg frå Mull, og som har vore ein kongeleg burgh sidan midten av 1700-talet.

Økonomien til området har lengje vore avhengig av fiske og jordbruk, skjønt Campbeltown har eit godt rykte som produsent av Skottlands finaste single malt whisky, inkludert «Springbank» som har vunne fleire prisar.

Byar og landsbyar i Kintyre[endre | endre wikiteksten]

Bellochantuy, Campbeltown, Carradale, Clachan, Drumlemble, Glenbarr, Grogport, Kilchenzie, Machrihanish, Muasdale, Peninver, Saddell, Skipness, Southend, Stewarton, Tayinloan, Tarbert og Whitehouse.

Stader av historisk interesse[endre | endre wikiteksten]

  • Clachan Church – utskorne gravsteinar frå mellomalderen.
  • Kilchousland Chapel, i nærleiken av Peninver.
  • Kilcomkill, Southend - Columbas kapell, utskorne gravsteinar, «Sankt Columbas fotspor» rett ved.
  • Killean - St. John's Church – er sagt at det er den vikigaste mellomalderkyrkja i Kintyre - utskorne gravsteinar.
  • Saddell Abbey - kloster.
  • Saddell Castle - festning.
  • Skipness Castle - festning.
  • Tarbert Castle - festning.

Forhistoriske stader[endre | endre wikiteksten]

  • Ballochroy – ståande steinar.
  • Beachairr - ståande steinar, nær Killean.
  • Corriechrevie varde - ikkje intakt.
  • Duner Skeig – jernalderfestning i nærleiken av Clachan.
  • Kildonan Galleried Duner – festning frå jernalderen i god stand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]