Kinyarwanda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kinyarwanda
(Kinyarwanda)
Klassifisering: Nigerkongo
 Atlantisk
  Voltakongo
   Benuekongo
    Bantoid
     Sørbantoid
      Bantuspråk
       Sentralt
        J
         J.60
Bruk
Tala i: Flag of Rwanda.svg Rwanda
Flag of Uganda.svg Uganda
Flag of the Democratic Republic of the Congo.svg Den demokratiske republikken Kongo
Kinyarwandatalande i alt: 7 504 900[1]
Offisiell status
Offisielt språk i: Flag of Rwanda.svg Rwanda
Språkkodar
ISO 639-1: rw
ISO 639-2: kin
ISO 639-3: kin
Wikipedia på kinyarwanda

Kinyarwanda, òg kalla rwanda, er eit bantuspråk i nigerkongo-familien som primært blir snakka i Rwanda, der det er eit offisielt språk, og dessutan i sørlege Uganda og tilgrensande område av Den demokratiske republikken Kongo. Kinyarwanda er innbyrdes forståeleg med kirundi, som blir snakka i Burundi.

I likskap med dei fleste andre språk i Afrika sør for Sahara er kinyarwanda eit tonespråk. I likskap med andre bantuspråk er det eit agglutinerande språk og har eit nominalklassesystem.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Kinyarwanda har, som alle bantuspråk, eit system med substantivklassar, der kvart substantiv høyrer til to klassar, ein for eintalsforma og ein for fleirtalsforma. Klassetilordninga for dei ulike substantiva er avhengig av tydinga til ordet, og går fram av prefikset, der kvart ord i same klasse har same prefiks. Prefiksa varierer også med grammatisk funksjon, som vist i tabellen. Kinyarwanda har 16 ulike substantivklassar.

Klasse Prefiks Skildring Tal Døme Omsetjing Adjektiv Subjekt Objekt Possessor Demonstrativ
1 umu-, umw- menneske sg umuntu, umwarimu mu- n-, u-, a- -n-, -ku-, -mu- wa uyu
2 aba-, ab- pl abantu, abarimu ba- tu-, mu-, ba- -tu-, -ba-, -ba- ba aba
3 umu-, umw- tre, buskar og lange ting sg umusozi, umwotsi mu- u- -wu- wa uyu
4 imi-, imy- pl imisozi, imyotsi mi- i- -yi- ya iyi
5 i-, iri- mengdeord, kroppsdelar, væske sg ifaranga, iryinyo ri- ri- -ri- rya iri
6 ama-, am- pl amafaranga, amenyo ma- a- -ya- ya aya
7 iki-, icy-, igi- generelle nemningar, store ting sg ikintu, icyaha, igitabo ki- ki- -ki- cya iki
8 ibi-, ibi- pl ibintu, ibyaha, ibitabo bi- bi- -bi- bya ibi
9 i-, in-, inz- visse plantar, dyr, og husgeråd sg ifi, inka, inzoga n- i- -yi- ya iyi
10 pl n- zi- -zi- za izi
11 uru-, urw- blandingskategori sg urugi, urwego ru- ru- -ru- rwa uru
12 aka-, ak-, aga- diminutivformer av andre substantiv sg akantu, akitso, agacupa ka- ka- -ka- ka aka
13 utu-, utw-, udu- pl utuntu, utwitso, uducupa tu- tu- -tu- twa utu
14 ubu-, ubw- abstrakte substantiv, kvalitet, tilstand n/a ubuntu, ubwana bu- bu- -bu- bwa ubu
15 uku-, ukw-, ugu- handlingssubst., verbalnomen, gerundium n/a ukuntu, ukwezwa, ugukiranuka ku- ku- -ku- kwa uku
16 aha-, ah- stader n/a ahantu, ahirengeye ha- ha- -ha- ha aha


Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]