Kinzig ved Main

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kinzig
Kinzig Bulau 2.jpg
Utspring Spessart
- Høgd 400 m
Munning Main
- Høgd 100 m
Land i nedslagsfelt Tyskland Tyskland
Lengd 82 km

Kinzig er ei elv sør i Hessen i Tyskland, og ei av sideelvane til Main frå høgre med ei lengd på 82 km. Ho har sitt utspring i Spessart nær Schlüchtern. Kinzig munnar ut i Main i Hanau. Landkreisen Main-Kinzig-Kreis er kalla opp etter elva. Byar langs Kinzig er Schlüchtern, Steinau an der Straße, Bad Soden-Salmünster, Gelnhausen og Hanau.

Denne elva spelte ei viktig rolle i slaget ved Hanau i oktober 1813, då Napoleon I trekte seg tilbake til Rhinen etter han tapte slaget ved Leipzig.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]