Kirani James

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirani James


Statsborgarskap Grenada
Fødd 1. september 1992 (31 år)
Gouyave, St. George's
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2012 – 400 meter herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 400 meter menn, athletics at the 2014 Commonwealth Games – men's 400 metres, Samveldeleikane 2014, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 400 meter menn

Utmerkingar

kommandør i den britiske imperieorden

Kirani James (fødd 1. september 1992) er ein grenadisk friidrettsutøvar frå St. George's som vart verdsmeister på 400 meter i 2011 og året etter olympisk meister på same distansen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Knapt 18 år gammal vart James juniorverdsmeister på 400 m i kanadiske Moncton sommaren 2010, ein månad etter han hadde sett personleg rekord på distansen med 45,01 sekund. Den 30. august 2011 vann han gullmedaljen på 400 m under VM i friidrett 2011 i Daegu, der han slo favoritten LaShawn Merritt med tre hundredels sekund og sette personleg rekord med 44,60. Fire dagar seinare forbetra han rekorden sin til 44,36 då han vann distansen under eit stemne i Zürich.

Ved dei olmpiske sommarleikane 2012 i London vart James olympisk meister etter eit suverent 400-meterløp der han vart klokka inn på 43,94 sekund, verdas beste løp på distansen dei siste fire åra. Det var Grenadas aller fyrste olympiske gullmedalje. I 2013-sesongen vann han ei tevling i Paris på årsbestida 43,96, men under VM i Moskva var han plaga med magesmertar og vart nummer sju.

3. juli 2014 i Lausanne sprang James personbeste på 43,74 sekund. Seinare i same månaden vann han 400 m i Samveldeleikane i Glasgow på tida 44,24. Under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing presterte han 43,78 og fekk bronsen på distansen, bakom gullvinnar Wayde van Niekerk og LaShawn Merritt. Året etter vann James sølvmedaljen etter ein nytt godt finaleløp, men var sjanselaus mot Niekerk som sett verdsrekord med 43,03 sekund. James gjekk skadd i 2017 og -18. I 2019 enda han som femtemann på 400-meteren då VM fann stad i Doha.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]