Kirill Sosunov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirill Sosunov
Statsborgarskap Russland
Fødd 1. november 1975 (48 år)
Rjazan
Idrett friidrett, bobsleigh
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Kirill Olegovitsj Sosunov[a] (fødd 1. november 1975) er ein russisk friidrettsutøvar frå Rjazan som vart europameister i lengdehopp i 1998 og fekk VM-bronse året før.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sosunov vann i 1995 si fyrste internasjonale gullmedalje då han ved universiaden i Fukuoka vann lengdetevlinga. Vinnarhoppet målte 8,21 m, like langt hoppa tyske Georg Ackermann, men Sosunov sitt nestbeste hopp var lengre enn Ackermanns. To år seinare vart Sosunov andremann i innandørs-VM i Paris. Med 8,41 m var han ti centimeter bakom Iván Pedroso frå Cuba. Nok ein gong sikra han seg ein gjevare medalje på at han hadde betre nestbeste hopp enn ein annan utøvar, då Joe Greene frå USA også hadde vorte målt til 8,41 m.

Under verdsmeisterskapen 1997 i Aten fekk Sosunov bronsemedaljen med 8,18 m, utan å vere nær nivået til dei andre medaljevinnarane, Ivan Pedroso som vart verdsmeister og og USA-amerikanaren Erick Walder.

Den 27. juni 1998 vann Sosunov lengdetevlinga under europacupen i St. Petersburg. Han gjorde sitt lengste hopp utandørs, 8,38 m. Under europameisterskapen 1998 i Budapest landa Sosunov i tredje omgang på 8,28 m, dermed vann han gullmedaljen med ein margin på sju centimeter til rumenaren Bogdan Țăruș.

I dei neste åra var Sosunov jamt med i dei store meisterskapane, men utan å vere i stand til å vinne medaljar. Korkje i 2000 eller i 2004 i klarde han å kvalifisere seg til finalen i lengdehopp under dei olympiske leikane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Кирилл Олегович Сосунов

Kjelder[endre | endre wikiteksten]