Kirkens Nødhjelp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirkens Nødhjelp

Hovudkontoret til Kirkens Nødhjelp i Bernhard Getz' gate 3 i Oslo.
Org.nr.951434353
Skipa1947
HovudkontorOslo kommune
LandNoreg
Nettstadhttps://kirkensnodhjelp.no (norsk), https://kirkensnodhjelp.no/en (engelsk)

Kirkens Nødhjelp er ein friviljug, felleskyrkjeleg hjelpeorganisasjon. Organisasjonen jobbar med katastrofehjelp, langsiktig utviklingsarbeid og med å påverke haldningar og politiske beslutningar. Kirkens Nødhjelp er medlem av det internasjonale nettverket «Action of Churches Together» (ACT).

Organisasjonen støttar prosjekt i rundt 70 land, og har eigne kontor i 25 av desse. Dei tematiske prioriteringane til organisasjonen er hiv/aids, vatn, kjønnsbasert vald, fred og forsoning, godt styresett og klimaendringar. Organisasjonen får økonomisk støtte frå private gjevarar, Norad og frå Utanriksdepartementet.

Kirkens Nødhjelp si ungdomsrørsle heiter Changemaker, og den jobbar for å endre dei strukturelle årsakene til urettvise og fattigdom. Kirkens Nødhjelp sitt utvekslingsprogram for ungdom heiter Communication for Change.

Generalsekretær er Lisa Sivertsen. I april 2019 tek Dagfinn Høybråten over som generalsekretær.

Leiar av organisasjonen sitt styre er Kjetil Aano.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I oktober 1947 vedtok Menighetspleiernes Landsforbund å samle inn pengar og forsyningar til folk som leid naud i Tyskland. Ikkje lenge etter vart organisasjonen Kirkens Nødhjelp stifta.

I 1961 vart det etablert eit arbeid i Abakaliki i Nigeria, der behovet var stort etter Biafra-krisen i regionen. Dette var det første langsiktige utviklingsprosjektet i regi av Kirkens Nødhjelp. Tidlegare hadde organisasjonen jobba med katastrofehjelp.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]