Kirov i Kirov oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kirov
Киров
Flagget til Kirov Byvåpenet til Kirov
Flagget til Kirov Byvåpenet til Kirov


Plassering
Kirov i Kirov oblast is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Kirov oblast
Grunnlagd
Bystatus
1374
1374
Borgarmeister Vladimir Bykov
Geografi
Flatevidd
 - By

757 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

466 300
  616 /km²
Koordinatar 58°36′″N 46°39′″EKoordinatar: 58°36′″N 46°39′″E
Høgd over havet 150 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 610000–610052
Retningsnummer (tlf) (+7)8332
Bilnummer 43
Nettstad: www.admkirov.ru/

Kirov (russisk Ки́ров), frå 1781 til 1934 kjend som Vjatka (russisk: Вятка) og før 1781 Khlynov (russisk: Хлынов), er ein by og administrativt senter i Kirov oblast i Russland. Byen ligg ved elva Vjatka og har om lag 460 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fortet Khlynov, like vest for Uralfjella, vart grunnlagt av handelsmenn frå Novgorod i 1374. Han vart første gong nemnd som by i dokument frå 1457. Khlynov vart innlemma i Storfyrstedømet Moskva i 1489. Byen vart kjent over heile Russland for sine leirstatuettar og fløyter. Det eldste gjenverande monumentet i byen er Maria himmelfarts-katedralen frå 1689, som er krona med fem kuplar.

I 1781 døypte Katarina den store Khlynov til Vjatka og gjorde byen til senter i eit eige gubernija. Byen gjorde òg teneste som eksilstad, spesielt for Aleksander Herzen og Mikhail Saltykov-Sjtsjedrin. Ved slutten av 1800-talet var han ein viktig stasjon på den transsibirske jernbanen. I desember 1934 vart byen kalla opp etter den sovjetiske leiaren Sergej Kirov, som vart myrda 1. desember.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Kirov er eit senter for maskinbygging, metallurgi, belysning, trykkeri og tømmerindustri.

Byen er eit regionalt transportknutepunkt (den transsibirske jernbanen) og elvehamn. Kirov elvehamn gjekk konkurs sist på 1990-talet og alle elvebåtane vart seld. Kirov har vore kjent i naboregionane for sine særs dårlege vegar og gater[1].

Flyplassen til byen er Kirov Pobedilovo lufthamn. På 1990-talet var denne lufthamna stengt og i årevis var det ingen rutefly som gjekk nokon stad. Rundt 2003 prøvde fleire selskap å starte flygingar frå Kirov til Moskva og Krasnodar i sommarsesongane og frå 2006 flyr eit lokalt selskap ruta til Moskva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kirov i Kirov oblast
  1. kirovway.ru