Kropyvnytskyj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kirovohrad)
Kropyvnytskyj
ukrainsk Кропивницький
by
Kropyvnytskyj universitet
Flagg
våpen
Motto: Med fred og godheit
Kallenamn: Vesle Paris (historisk samanheng)
Land  Ukraina
Oblast Kirovohrad oblast
Høgd 124 moh.
Koordinatar 48°30′0″N 32°16′0″E
Areal 103 km²
Folketal 239 400  (2004)
Folketettleik 2 324 / km²
Grunnlagd 1754
 - Byrettar 1765, 1782
Borgarmeister Oleksandr Sainsus[1]
Postnummer 25000-490
Retningsnummer +380 522
Kart
Kirovohrad
48°30′37″ N 32°16′0″ E
Wikimedia Commons: Kropyvnytskyi
Nettstad: http://www.kr-rada.gov.ua/

Kropyvnytskyj (ukrainsk skrift Кропивницький), tidlegare Jelisavetgrad, er ein by sentralt i Ukraina. Han ligg ved elva Inhul. Byen har kring 240 000 innbyggjarar (2004).

Han utvikla seg kring ein militær busetnad og bløømde på 1800-talet då han vart eit viktig handelssenter. Det første ukrainske teaterselskapet i det sentrale og austlege Ukraina vart oppretta her i 1882.

Under Sovjetunionen vart byen eit senter for jordbruk og lettindustri.

Byen har hatt fleire namn gjennom historia. Han vart grunnlagd som Jelisavetgrad, til ære for tsarina Elisabeth av Russland. I 1924 vart namnet endra til Zinovijevsk, kalla opp etter Grigorij Zinovijev, ein sovjetisk statsmann og ein av kommunstpartileiarane som var fødd i Jelisavetgrad. 27. desember 1934, etter mordet på Sergej Kirov, vart Zinovievsk og andre sovjetiske byar, omdøypt på ny - denne gongen som Kirovo og så Kirovograd. Det siste namnet kom samstundes med at Kirovograd oblast vart danna den 10. januar 1939. Etter sjølvstendet til Ukraina fekk byen den ukrainske stavinga Kirovohrad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kropyvnytskyj utvikla seg kring St. Elisabet-fortet. Dette fortet vart bygd i 1754 etter ordre frå tsarina Elisabet av Russland og spelte ei særs viktig rolle i dei nye landområda som vart lagt til Russland med freden i Beograd i 1739. I 1764 fekk busetnaden status som senter i Elisabet-provinsen og i 1784 vart han hovudbyen i distriktet. Fortet fekk då namnet Jelizavetgrad.

Fortet låg ved eit vegkryss og utvikla seg etter kvart til ei handelssenter. Det vart haldne fire marknadar i året.

27. april 1881 var det ein pogrom mot jødane i Jelisavetgrad. Det same skjedde i 1905.[2]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kropyvnytskyj har eit moderate kontinentalklima: kalde og snørike vintrar og varme somrar. Temperaturane er i middel -6,9 °С i januar og 20,3 °С i juli. Årsmiddelnedbøren er 513 mm med mest nedbør i juni og juli.

Vêrdata for Kropyvnytskyj i Ukraina
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C −2,8 −2 3,7 14 20,7 24,6 25,9 25,2 19,4 11,7 3,6 −0,8 11,9
Gjennomsnittleg min °C −8,5 −8,1 −2,9 4,7 9,9 13,8 15 14,1 9,1 3,7 −1,8 −5,8 3,6
Gjennomsnittleg nedbør mm 44 32 27 36 47 58 60 50 41 35 44 45 519
Kjelde: Погода и климат - климат Кирвоград [3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kropyvnytskyj