Kirsten Bråten Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirsten Bråten Berg

Fødd7. januar 1950 (74 år)
FødestadArendal
OpphavNoreg
Sjangerfolkemusikk
Instrumentvokal, Munnharpe
PlateselskapGrappa
Verka somsongar
PrisarSpellemannprisen for årets barneplate, Aust-Agder fylkeskulturpris, Hilmarprisen, Radka Toneff Minnepris, Spellemannprisen i folkemusikk/gammeldans, Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen

Kirsten Marie Bråten Berg (fødd 7. januar 1950) er ein norsk songar, best kjend som folkemusikar, og sølvsmed. Ho er saman med Hallvard T. Bjørgum rekna som ein fornyar av norsk folkemusikk.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kirsten Bråten vart fødd i Arendal. Ho kom frå ein musikalsk familie, faren var bygdespelemann. Ho var med i eit visesongmiljø i heimbyen, men interesserte seg også for folkemusikk. I 1970 drog ho til Oslo og blei folkedansinstruktør i Noregs Ungdomslag. Her kom ho med i folkemusikkmiljøet rundt Club 7.

I Oslo fekk Kirsten Bråten også augo opp for sølvsmedyrket. Ho tok seg jobb i gullsmedfirmaet David-Andersen og studerte eitt år på gullsmedlina på Oslo Yrkesskole. Deretter gjekk ho i lære hjå sølvsmeden Torleiv H. Bjørgum frå Rysstad i Setesdal, som også var spelemann. Berg tok sveinebrev i 1976 og meisterbrev som gullsmed i 1986.

Musikkarriere[endre | endre wikiteksten]

I 1977 vart ho gift med Bjørgulv N. Berg, ein gardbrukar frå Rysstad i Valle kommune i Setesdal. Her var eit aktivt folkemusikkliv, der Kirsten Bråten Berg møtte kvedarar som Tarjei og Gro Heddi Brokke og musikarane Gunnar Stubseid og Hallvard T. Bjørgum. Ho blei med i gruppa Slinkombas, og gav også ut soloplater.

Berg vart utnemnd til Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for innsatsen sin som kunstnar og kulturformidlar i 2005. I 2008 vart ho medlem av Agder Vitskapsakademi.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Slinkombas (1979, Grappa Musikkforlag) med Slinkombas
  • Kirsten Bråten Berg (1980, Grappa Musikkforlag)
  • ...og bas igjen (1982, Grappa Musikkforlag) med Slinkombas
  • SetesDalarna (1984, Four Leaf Clover Records), med Per Gudmundsson, Maria Röjas, Bjorn Stabi og Gunnar Stubseid
  • Min kvedarlund (1988, Grappa Musikkforlag)
  • Joletid (1991, Norsk Plateproduksjon) med Hallvard T. Bjørgum
  • Sagn (1992, Kirkelig Kulturverksted, 1991 EMI Records), komponert av Arild Andersen
  • Våre beste barnesanger 2 (1993, Egmont Serieforlag)
  • Cohen på norsk (1993, Kirkelig Kulturverksted)
  • Arv (1993, Kirkelig Kulturverksted), komponert av Arild Andersen
  • Suede et Norvège: Musique Des Vallées Scandinaves (1993, Ocora)
  • Pilgrimen (1996, Grappa Musikkforlag) med Jan Erik Pettersen og Paal-Helge Haugen
  • Frå Senegal til Setesdal (1997, Grappa Musikkforlag; 2000, Six Degrees Records)
  • Smak av himmel, spor av jord (1999, Grappa Musikkforlag), med diverse andre artistar
  • Min kvedarlund (1999, Grappa Musikkforlag)
  • Runarstreng (1999, Grappa Musikkforlag)
  • Syng du mi røyst (2001, Grappa Musikkforlag)
  • Stemmenes skygge (2005, Grappa Musikkforlag)
  • Stev for dagen (2007, Grappa Musikkforlag), med Astri Rysstad og Kari Rolfsen
  • Barnesangskatten (2008, Egmont Serieforlag), med diverse andre artistar
  • Songen (2010, Grappa Musikkforlag)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]