Kirsten Flagstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kirsten Flagstad og Jean Sibelius i 1952.

Kirsten Malfrid Flagstad (12. juli 18957. desember 1962) var ein norsk dramatisk sopran, og ein av dei internasjonalt mest kjende norske kvinnene på si tid.

Flagstad vart fødd på Hamar, men voks opp i Oslo. Faren var fiolinist og kapellmeister, og mora repetitør og pianist. Ho vart den fyrste læraren til Kirsten. Seinare studerte Kirsten under Ellen Schytte-Jacobsen og Albert Westvang i Oslo og under dr. Gillis Bratt i Stockholm.

Ho vart særleg berømt for tolkingane sine av Richard Wagner sin musikk. Flagstad var engasjert ved Wagnerfestspela i Bayreuth frå 1933 til 1934, og var deretter fast ved Metropolitan-operaen i New York frå 1935 til 1941, då ho reiste heim til Noreg, og igjen i perioden 194952. Tolkingane hennar av kvinnene i operalitteraturen, ikkje minst i Wagner sin musikk, sette djupe spor, redda økonomien til Metropolitan-operaen og gav henne ein berømmelse som varer.

Ho var den fyrste sjefen for Den Norske Opera i perioden 195860.

Flagstad debuterte på Nationaltheatret i 1913 som «Nuri» i Tiefland. Då Opera Comique opna i 1918, gjorde ho mange ulike roller der. Då dei la ned drifta i 1921 song ho på Casino, Mayol og Nationaltheateret. Etter det kom nokre år i Gøteborg, Brussel og Bayreuth, før debuten på «The Met» i 1935.

Kirsten Flagstad døydde i Oslo, 67 år gamal. Ho er avbileta på den norske hundrekronersetelen, norske frimerke og har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Kirsten Flagstad vart av kong Haakon utnemnd til ridder av St. Olavs Orden i 1937 og fekk seinare også St. Olavsmedaljen utdelt. Ho har kongens fortenestemedalje i gull.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kirsten Flagstad