Kirsten Giftekniv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kirsten Giftekniv (også kalla Kirsten Gifte-Kniv eller Kirsten Gifteknivs) er ein rollefigur i einaktar-komedien Den forvandlede brudgom som blei skriven av Ludvig Holberg og gjeven ut i 1753. Namnet hennar er gått inn i språket om ein person som prøver å hjelpa til med å sameina menneske til ekteskap eller kjærleikstilhøve.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

På fransk blir ein giftekniv kalla ein marieur eller ei marieuse. På engelsk er omgrepet matchmaker.

Giftekniv[endre | endre wikiteksten]

Sluttleddet kniv kan tolkast som «person som er utrusta», slik at ein giftekniv er nokon som er utrusta til å få nokon gifte.[1]

I Den forvandlede brudgom blir Kirsten Giftekniv omtala som «… den gamle Madame, Kirsten Gifte-Kniv, som pleyer at gaae forliebte Folk til Haande.»[2] Skodespelet har elles berre kvinnerollar, men Holberg skriv at rolla som Kirsten Gifte-Kniv skal spelast av ein mann. Kirsten Giftekniv var ikkje den første personen kjent med tilnamnet «giftekniv». I Holberg-komedien Ulysses von Ithacia frå 1723 finn me ein Maren Gifte-kniv omtala: «Den Qvinde maa være verre end Maren Gifte-kniv var i gamle Dage. Var jeg Jupiter, hun skulde drolen spliide mig ad faae andet at bestille end løbe om at cople Folck sammen.»[3] Andre gifteknivar er Anton Giftekniv frå ein roman av Arne Bjørnstad gjeven ut i 1971, og Sixten giftekniv, den norske tittelen på den svenske spelefilmen Sixten frå 1994 som var basert på barneboka Sixten (norsk Simen) av Ulf Stark.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. H. Logeman (1917). «Some notes on Romeo and Juliet». Neophilologus 2 (1). ISSN 0028-2677. doi:10.1007/BF01509105.  Engelsk
  2. Ludvig Holberg Den forvandlede Brudgom Arkivert 2016-03-06 ved Wayback Machine. (1753)
  3. Ludvig Holberg: Ulysses von Ithacia Arkivert 2006-06-15 ved Wayback Machine. (1723)