Kiruna kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kiruna kommun
Kiruna vapen.svg
Kommunevåpenet til Kiruna kommun
Len Norrbottens län
Landskap Lappland
Areal 20 551,42 km²
 – Landareal 19 140,33 km²
 – Vassareal 1 411,09 km²
Folketal 22 941
Kommunenummer 2584
Kart
Kiruna Municipality in Norrbotten County.png

Kiruna kommune (nordsamisk: Girona gielda) ligg i Norrbottens län i Sverige, i landskapet Lappland. Kommunen er den nordlegaste og arealmessig største i Sverige, og størrelsesmessig er han like stor som dei tre sørlegaste lena (Skåne län, Hallands län og Blekinge län) til saman. Kiruna kommune er faktisk 7 % større arealmessig enn heile Sogn og Fjordane fylke.

Kiruna grensar til kommunane Gällivare og Pajala i Sverige, Enontekis i Finland og Storfjord, Målselv, Bardu og Narvik i Noreg.

Administrasjonssenter i kommunen er Kiruna. Kiruna vart grunnlagt i 1900, og Hjalmar Lundbohm reknast som grunnleggjaren av byen. Han var disponent ved gruveselskapet LKAB, som byrja utvinning av jernmalm i Kiirunavaara på slutten av 1890-talet. Kiruna har jernbanesamband med Narvik og Luleå via Malmbanan og Ofotbanen, og den nordlegaste flyplassen i Sverige ligg i kommunen. Om lag 40 kilometer aust for Kiruna by ligg rakettskytefeltet Esrange (European Space and Sounding Rocka Range), den einaste romrakettbasen i Sverige.[1]

Språk[endre | endre wikiteksten]

Samisk, meänkieli og finsk har status som offisielle minoritetsspråk i kommunen, og Kiruna er saman med nabokommunen Gällivare dei to einaste svenske kommunane med tre offisielle minoritetsspråk.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Det høgaste fjellet i Sverige, Kebnekaise, ligg i kommunen, 70 kilometer vest for Kiruna. Det finst over 6000 innsjøar og vatn i kommunen, den største er den over sju mil lange Torneträsk. Dei to største vassdraga i kommunen er Torne älv og Kalixälven. Den nordlegaste elva i Sverige, Könkämä älv og Muonio älv utgjer grensa mot Finland. Nasjonalparkane Abisko og Vadvetjåkka ligg innanfor kommunegrensene, det same gjer ni naturreservat.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Kiruna kommune hadde sju tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Kiruna 18 154
2. Vittangi 789
3. Jukkasjärvi 519
4. Svappavaara 394
5. Kuttainen 364
6. Karesuando 313
7. Övre Soppero 220

Vatn og innsjøar i kommunen[endre | endre wikiteksten]

Andre mindre stader i Kiruna kommune[endre | endre wikiteksten]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hjemmesider til Esrange
  2. Det svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Offisiell heimeside

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kiruna