Kirwanveggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 73°25′S 3°30′W
Kirwanveggen
skrent
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Topp Dronning Maud Land
 - koordinatar 73°25′S 3°30′W
Lengd 150 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kirwanveggen is located in Antarktis
Kirwanveggen (Antarktis)

Kirwanveggen er ein markant nordvestvendt skrent som ligg sør for Pencksøkket i Dronning Maud Land. Fleire klipper og framspring ligg langs skrenten, med isbrear og bratte isbakkar. Skrenten strekkjer seg kring 150 km frå nordaust til sørvest. Nordenden av skrenten (Neumayerskarvet) vart flyfotografert av Den tyske antarktisekspedisjonen (1938–39), men karta som vart produsert etter ekspedisjonen syner ikkje skrenten skikkeleg. Skrenten vart kartlagt av norske kartografar frå landmålingar og flyfoto (1958–59) og kalla opp etter Laurence P. Kirwan, direktør i Royal Geographical Society.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Kirwan Escarpment» (innhald frå Geographic Names Information System).