Kiryat Bialik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kiryat Bialik
קִרְייַת בְּיַאלִיק
by
Kiryat Bialik rådhus
Namneopphav: Bialik-byen
Land  Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°50′N 35°05′E / 32.833°N 35.083°E / 32.833; 35.083
Areal 8,2 km²
Folketal 36 200  (2007)
Folketettleik 4 415 / km²
Grunnlagd 1934
Borgarmeister Eli Dukorsky
Kart
Kiryat Bialik
32°49′59″N 35°03′59″E / 32.833055555556°N 35.066388888889°E / 32.833055555556; 35.066388888889
Wikimedia Commons: Kiryat Bialik
Nettstad: www.qbialik.org.il

Kiryat Bialik (hebraisk skrift קִרְייַת בְּיַאלִיק, òg Qiryat Bialik) er ein by i Haifa distrikt i Israel. Han er ein av dei forstadane kalla Krayot, nord for Haifa. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde byen mot slutten av 2007 i alt 36 200 innbyggjarar.[1] Byen vart kalla opp etter diktaren Haim Nahman Bialik. I 2003 var alle innbyggjarane i byen jødar og det var ingen større arabisk folkesetnad her.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1924 var Ephraim og Sabina Katz, som immigrerte frå Romania, dei første jødane som slo seg ned i Zevulundalen ved Haifabukta. Garden deira vart øydelagd under Palestinaopprøra i 1929. Det eine huset som overlevde opprøra, Beit Katz, gjekk i arv til Kiryat Bialik i 1959 og er i dag eit offentleg hus.[2]

Byen Kiryat Bialik vart grunnlagd i juli 1934 av ei gruppe tyske, jødiske immigrantar som fekk eit landområde av Jewish National Fund. Innbyggjarane var hovudsakleg frie profesjonelle, legar, ingeniørar og advokatar som budde i private hus med hagar. Under andre verdskrigen vart Kiryat Bialik bomba på grunn av nærleiken til oljeraffineria i Haifa. I 1950 fekk han status som lokale kommune og i 1976 bystatys.[3]

Kiryat Bialik i 1944.

Venskapsby[endre | endre wikiteksten]

Kiryat Bialik er venskapsby med

Kjelder[endre | endre wikiteksten]