Kislajabukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart som viser plasseringa til Kislajabukta

Kislajabukta er ein fjordKolahalvøya nær Murmansk i Russland. Fjorden er ein del av Barentshavet, som ligg i nord, og er hovudsakleg kjend som ein stad der det vert drive eksperiment med tidvasskraft.

Tidvasskraftverket i Kislajabukta er eit eksperiment og kraftverket produserer relativt lite mengder straum, om lag 400 KW. Prosjektet starta i 1968, men vart i ein tiårsperiode fram til desember 2004 innstilt før prosjektet fekk finansiering igjen. Fjorden vart vald ut for prosjektet fordi han er lang og djup med ein relativt smal munning, som det kunne byggast demning over. Det er planar om to større prosjekt bygd over same lest nær Mezen i Kvitsjøen og Tugur ved Okhotskhavet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]