Kite Stories

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kite Stories
Studioalbum av Brian Eno
Utgjeve 1999
Innspelt Nov-des 1999, London
Sjanger Ambient
Lengd 30:10
Selskap Opal
Produsent Brian Eno
Kritikk

Allmusic 3/5 stars lenkje

Brian Eno-kronologi 
I Dormienti
(1999)
Kite Stories Music for Onmyo-Ji
(2000)


Kite Stories er eit ambient installasjonsalbum av den britiske musikaren Brian Eno frå 1999.

Musikken på albumet vart laga for ein installasjon, eit show med musikk og visuell kunst, som fann stad i Kiasma Museum of Contemporary Art i Helsingfors i Finland, frå 11. desember 1999 til 6. februar 2000.

Installasjonen inkluderte eit generativt musikksystem og ei samling av lekamar som vart vald ut for deira romlege nærvær - steinar, sand og lysskulpturar. Den originale musikken vart komponert av åtte lydlag, kvar spelt på ein CD-spelar som stod ein stad i galleriet. Lydane gjekk i loop og hadde kvar ulik lengd, slik at dei i lag danna nesten uendelege variantar av lydar. Musikken på CDen er berre ein halvtime lang, og er derfor berre eit særs kort utdrag av versjonen som varte i to månader.

Den kraftig handsama vokalen med nedsett tempo i del to og tre er baserte på ein japansk spøkelsessoge, Onmyo-Ji, av Reiko Otano og vart lesen av Kyoko Inatome, ei servitørdame på ein av favoritt sushirestaurantane hans.1.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«Kites I»8:06
2.«Kites II»7:34
3.«Kites III»14:30

Kjelder[endre | endre wikiteksten]