Kitikmeot
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kitikmeot (inuktitut: Qitirmiut ᕿᑎᕐᒥᐅᑦ) er ein av dei tre administrative regionane i Nunavut. Den består av dei sørlege og austlege delane av Kitlineq, og det nærliggande fastlandet i aust til Boothiahalvøya, Qikiqtaq samt den sørlege delen av Prince of Wales Island. Hovudbygda er Cambridge Bay. Regionen hadde 5 361 innbyggarar ved folketeljinga i 2006.
Buplassane i Kitikmeot er Cambridge Bay (Iqaluktuuttiaq), Gjoa Haven, Kugaaruk, Kugluktuk, Taloyoak, Bathurst Inlet og Umingmaktuuq.
Innan Nunavut vart oppretta i 1999 var Kitikmeot ein administrativ region i Nordvestterritoria, og omfatta då eit noko større område.