Kitzsteinhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kitzsteinhorn
fjell
Land  Austerrike
Region Salzburg
Fjellkjede Hohe Tauern
Høgd 3 203 moh.
Primærfaktor 439 m
Koordinatar 47°11′N 12°41′E / 47.183°N 12.683°E / 47.183; 12.683
Førstestiging Johann Entacher
 - dato 1828
Kart
Kitzsteinhorn
47°11′17″N 12°41′15″E / 47.188055555556°N 12.6875°E / 47.188055555556; 12.6875
Wikimedia Commons: Kitzsteinhorn

Kitzsteinhorn er eit fjell i Alpane. Fjellet ligg i Kaprun kommune i delstaten Salzburg i Austerrike. Kitzsteinhorn er ein del av fjellkjeda Hohe Tauern i austlege område av Alpane og når ei høgd på 3 203 meter. Toppen vart nådd for første gong i 1828 av Johann Entacher.

Ein kan nå toppen ved å ta Kaprun Gletscherbahnen frå dalstasjonen ved 911 m. Lenge var dette den høgaste kabelvognbanen i verda med ei høgd 113,6 m over bakken på det høgaste. Kabelvogna opna i 1965, og opna opp isbreane Schmiedingerkees og Maurerkees, som då vart dei første skibakkane isbrear i Austerrike. I 1974 vart det opna ein fjellheis gjennom ein 3 295 m lang tunnel i fjellet, som gjekk parallelt med kabelvogna for å få større kapasitet.

Denne fjellheisen tok fyr 11. november 2000 og 155 menneske omkom. Fjellheisen vart ikkje tatt i bruk igjen, og for å erstatte denne vart det bygd ein funitel året etter, som kan ta 24 personar. I 2002 opna det i tillegg ein gondolbane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]