Kiva.org

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kiva.org er ein frivillig organisasjon som har som mål å sameine folk gjennom lån for å redusere global fattigdom. Gjennom bruk av Internett og eit verdsomspennande nettverk av mikrofinansinstitusjonar lèt Kiva enkeltpersonar låne ut ned til 25 amerikanske dollar (kring 150 norske kroner) for å hjelpe til med å finansiere småbedrifter eigde og drivne av personar frå låginntektsgrupper kring i verda.

Lån gjennom Kiva gjev 0 % renter til utlånarane, og Kiva sjølve krev ikkje renter frå låntakarane. Det finst planer om å krevja 2 % renter frå mikrofinansinstitusjonane frå utpå året i 2007.[1] Låntakarane betalar noko renter til dei lokale mikrofinansinstitusjonane som administrerer enkeltlåna,[2] men Kiva.org hevdar at dei held auga med kor mykje renter som blir kravde og at dei ikkje vil arbeide med institusjonar som krev urettferdige eller unødig høge renter. Kiva-låntakarane har ein historisk tilbakebetalingsrate på 100 %.[3]. Kiva arbeider med regulatorar for å kunna lata mikrofinansinstitusjonar tilby variable renter til ulike låntakarar.

Korleis verkar det?[endre | endre wikiteksten]

Fil:Kiva worldwide map.jpg
Kiva-partnarar kring i verda.

Kiva let mikrofinansinstitusjonar kring i verda avertere profilar av kvalifiserte lokale entreprenørar på Internett. Utlånarane er kven som helst som har eit kredittkort eller ein PayPal-konto. PayPal-konto treng ein elles berre når ein vel å taka ut att pengar.[4] Utlånarane les profilane på Internett og bestemmer seg for éin eller fleire entreprenørar dei ønskjer å finansiere delar av lånet til. Kiva samlar inn lånekapitalen frå desse individuelle utlånarane og overfører han til mikrofinanspartnarane sine, dei såkalla feltpartnarane, som i sin tur distribuerer pengane og administrerer låna. Etter kvart som lånet blir tilbakebetalt av entreprenøren, overfører feltpartnarane pengane tilbake til Kiva. Når lånet er heilt tilbakebetalt, kan Kiva-utlånarane trekkje tilbake kapitalen sin att eller låne han ut att til ein annan entreprenør.

PayPal tek ikkje noko gebyr for Kiva-transaksjonar.Kiva FAQ Kiva distribuerer 100 % av lånet til entreprenøren. Utlånarane mottek ikkje noka rente eller annan profitt. Feltpartnaren som administrerer lånet tek renter frå entreprenøren.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.kiva.org/about/faq/#Does_Kiva_charge_interest
  2. http://www.kiva.org/about/faq/#Do_Kivas_partners_charge_interest_to
  3. Kiva FAQ: “To date, Kiva.org’s repayment rate is 100%.”
  4. Kiva FAQ

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]