Kivatsjfossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kivatsj i 2006.

Kivatsjfossen (russisk Кивач) er ein 10,7 meter høg kaskadefoss i Russland. Han ligg i elva Suna i Kondopoga rajon i republikken Karelia og har gjeve namn til Kivatsj naturreservat, grunnlagd i 1931.

Kivatsj er stort sett kjend på grunn av Gavrila Derzjavin, ein russisk diktar som vart inspirert av fossen og skreiv diktet «Foss», eit av dei viktigaste russiske dikta frå 1700-talet. Mange ønskte å sjå fossen som Derzjavin dikta om. Ein av desse var Aleksander II av Russland, som fekk lagt ein ny veg til fossen, eit lysthus på høgresida av elva og ei bru like nedanfor.

I 1936 tok sovjetarane noko av vatnet frå elva til eit lokal vasskraftverk, som førte til mindre vatn i fossen, medan dei nærliggande fossane Girvas (14,8 m) og Por-Porog (16,8 m) vart heilt øydelagde. Sjølv om han ikkje er like flott som han var er Kivatsj framleis ein populær attraksjon i Karelia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 62°16′5″N 33°58′48″E