Kiviar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kiviar


Flekkivi Apteryx haastii
Flekkivi Apteryx haastii

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Apterygiformes[1]
Familie: Apterygidae

Kiviar er fuglar utan flygeevne, endemiske til New Zealand i slekta Apteryx og familien Apterygidae. I systematikken er dei plasserte i sin eigen biologiske orden Apterygiformes av flygeudyktige Paleognathae.[1]

Artane i kivifamilien deler mange trekk i levevis og i morfologi. Dette er fuglar utan venger og utan halefjør, med pæreforma kropp, kraftige føter og lange, relativt tynne nebb med nasebor mot enden av nebbet. Storleiken varierer frå 25 cm til 45 cm i høgd. Kiviar er nattaktive og beitar på virvellause dyr, nokre òg på plantekost som nedfallsfrukt. Para er monogame, gjerne livet ut, hoa legg eit særs stort egg, nokre gonger to egg i kullet. I regelen er det hannen som rugar og rugetida er lang, frå to og opptil tre månader. Hoa er større enn hannen. Populasjonane av alle artar er sterkt reduserte, etter øydelegging av habitat, og spesielt etter europeisk innvandring med innføring av pattedyr.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Med storleik som tamhøns er kiviar dei minste nolevande strutsefuglar og legg største egga i forhold til kroppsstorleiken. Det er fem anerkjente artar, alle er trua.

Kiviar er eit nasjonalt symbol på New Zealand.

Før menneske kom til New Zealand på 1200-talet eller tidlegare, var einaste endemiske pattedyr på øygruppa tre flaggermusartar. Dei økologiske nisjane som blei okkuperte av så ulike dyr som hestar, ulvar og mus i andre delar av verda, blei på New Zealand tatt av fuglar, og i mindre grad av reptil.

Kiviar er skjerre og vanlegvis nattaktive. Dette kan vere resultat av predatorar og menneske har trengt inn i habitata deira. I områda på New Zealand kor introduserte rovdyr seinare har blitt fjerna, til dømes i reservata, ser ein ofte kiviar på dagtid. Dei tykkjer best om subtropiske og tempererte gultre og bøkskogar, men dei har blir tvungne til å tilpasse seg ulike habitat, slik som subalpint kratt, tørt grasland og fjell. Kiviar har ein høgt utvikla luktesans, uvanleg for fuglar, og dei er einaste fuglegruppa med naseopningar ytst på det lange nebbet. Kiviar et små virvellause dyr, frø, larver, og mange variantar av makk. Dei kan òg ete frukt, små kreps, ålefiskar og amfibium. På grunn av luktesansen og plassering av naseopningane ute på nebbspissen, vil kiviar finne insekt og makk i jorda utan å først sjå eller føle dei.

Når eit par av ho og hannfugl har funne saman, har dei ein tendens til å leve saman livet ut som monogame par. I paringstida frå juni til mars, ropar dei på kvarandre, og møtast i hekkehòla kvar tredje dag. Desse relasjonane kan vare i opptil 20 år. Dei er unike blant fuglane ved at dei har eit fungerande par eggstokk. Kiviegg kan vege opp til ein fjerdedel av hofuglen, meir enn hos nokon annan fugl i verda. Sjølv om kiviar har omtrent storleiken til tamhøns er egga deira omtrent seks gongar større enn eit hønseegg. Vanlegvis får dei eitt egg per hekkesesong. Egga har jamn tekstur og er elfenbeinkvite eller har grønskjær. Hannfuglen rugar egget, bortsett frå hos flekkivi der begge foreldra deltar. Rugeperioden er 63-92 dagar. I løpet av den tretti dagar lange perioden det tar for egget å vekse, treng hofuglen tre gongar vanleg matmengd. To til tre dagar før egget leggast må ho faste fordi det ikkje er plass att til mat i fordøyingssystemet.

Det finst fem aksepterte artar.

  • Sørbrunkivi, (Apteryx australis) er ein relativt vanleg art på sørlege og vestlege delar av Sørøya, i dei fleste høgder over havet. Han kan bli opptil 40 cm høg og 45-55 cm lang
  • Okaritokivi, (Apteryx rowi) finst berre i eit avgrensa område i Okarito-skogen.
  • Nordbrunkivi, (Apteryx mantelli) finst spreidd på dei nordlegaste to tredelar av Nordøya. Han er den mest vanlege kivi med ca. 35 000 individ. Hofuglar blir 40 cm og 2,8 kg.
  • Dvergkivi, (Apteryx owenii) er utrydda på hovudøyane, men omkring 1350 individ lever på Kapitiøya. Denne minste kivi blir berre 25 cm høg og 1,3 kg.
  • Flekkivi, (Apteryx haastii) er den største arten, kring 45 cm høg og har ei vekt på ca. 3,3 kg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Frå og med versjon 6.9 av Clementslista, august 2014, blei kiviane anerkjente som ein eigen orden, Apterygiformes. Clements et al, Updates & Corrections – August 2014 Ref pages 2, 699, Apterygiformes (Kiwis)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kiviar