Kivik

Koordinatar: 55°41′7.8720″N 14°13′33.319″E / 55.685520000°N 14.22592194°E / 55.685520000; 14.22592194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°41′7.8720″N 14°13′33.319″E / 55.685520000°N 14.22592194°E / 55.685520000; 14.22592194

Kivik
tettstad
Hamna i Kivik.
Land  Sverige
Areal 191 km²
Folketal 885 (31. desember 2020)
Kart
Kivik
55°41′06″N 14°13′13″E / 55.685099447543°N 14.220255304353°E / 55.685099447543; 14.220255304353
Wikimedia Commons: Kivik
Marknaden i Kivik.

Kivik (dansk: Kivig) er ein tettstad i Simrishamns kommun i Skåne län i Sverige. I 2020 hadde tettstaden 885 innbyggjarar.

Kivik er opphavleg eit fiskevær, der hovudnæringa i dag er fiske og turisme.

Kivik er i dag mest kjend for sine ulike marknader, mellom anna Kiviks marknad og Äppelmarknaden i Kivik, og har dei siste åra blitt utvikla til eit eksklusivt feriemål. Kivik er det sentrale staden for epledyrkinga i området. Kiviks musteri driv produksjon av eplemost i Karakås.

Kivik er spesielt kjend for ei gravrøys frå bronsealderen, den 3000 år gamle «kungagraven». Det er det største gravminnet i sitt slag i Sverige, med 75 meter i diameter.

Kivik blei municipalsamhälle i 1890. Seinare blei Kivik administrasjonssenter i den tidlegare Kivik kommun, som i dag inngår i Simrishamns kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]