Kiwifrukt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kiviar er namnet på nasjonalfuglen åt New Zealand.
Kiwi

Kiwi eller kiwifrukt (før kalla kinesiske stikkelsbær) er ei frukt som veks i tempererte klima. Den vanlegaste typen kiwifrukt er Actinidia deliciosa, som er stor som eit hønseegg og har eit hårete, beigebrunt skal som til vanleg ikkje vert ete. Inni er det grønt fruktkjøt med små, svarte frø.

Actinidia deliciosa har opphav i det søraustlege Kina, og Actinidia chinensis er særs vanleg i låglandet i denne regionen. Andre artar har på naturleg vis spreidd seg nord til Sibir og aust til Japan.

I 1906 vart kiwifrø tekne til New Zealand av Isabel Fraser, rektor på jenteskulen Wanganui Girls' College, som hadde vitja misjonsskular i Kina. I 1910 vart dei fyrste kiwifruktene hausta, og fekk det engelske namnet Chinese gooseberry (kinesiske stikkelsbær).

Namnet «kiwi» vart teke i bruk av det nyzealandske eksporthuset Turners and Growers i 1959, men utan at det vart registrert som eit eksklusivt varemerke. Då namnet vart ålment kjent var det for seint å reservera det for frukt dyrka på New Zealand. Over heile verda er frukta no kjend som kiwi. Det gamle namnet Chinese gooseberry er stundom nytta i Australia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kiwifrukt