Kjærleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Japansk skulptur av det litterære kjærleiksparet Ohatu og Tokube frå Sonezakisinjyu av Chikamatsu Monzaemon.

Kjærleik er ei menneskeleg kjensle, vanlegvis retta mot eit anna menneske. Kjærleik er å vere glad i nokon. Mange vil seie at kjærleik er irrasjonell av natur, og difor vanskeleg å definere. Likevel er omgrepet delt inn i ulike former for kjærleik:

  • Romantisk og seksuell kjærleik. Slik kjærleik finn ein vanlegvis mellom to personar, slik som eit ektepar eller eit kjærastepar. Kjenslene treng ikkje å vere like sterke båe vegar.
  • Kjærleik til familiemedlem og venar. Dette er ei kjensle av nærleik og å vere sterkt knytt til ein annan, utan at det er romantiske eller seksuelle kjensler involvert.
  • Kjærleik til ikkje-menneskelege ting. Dette er generelle og abstrakte kjensler for til dømes fedrelandet, Gud, ein jobb, ein by eller et hus. Slik kjærleik kan vere knytt til gode minne, eller han kan forklarast med ei tru, moralsk overtyding eller indre harmoni.

Utvikling i kjærleiksforholdet[endre | endre wikiteksten]

Eit par som venter barn viser kjærleiken sin for kvarandre.

Eit vanleg norsk kjærleiksforhold ved byrjinga av 2000-talet kan gå i gjennom desse utviklingsfasane:

  • Forelsking – partane er sterkt opptatte av kvarandre. Dette kan vere eit avstandsforhold, og treng ikkje vere gjensidig.
  • Kjærasteforhold – partane har eit gjensidig, fast forhold, har jamleg kontakt med kvarandre og er stort sett trufaste mot kvarandre.
  • Sambuarskap – partane har flytta saman.
  • Truloving – Partane er samde om at dei skal skapa ekteskap eller partnerskap.
  • Ekteskap/Partnerskap – partane har inngått ekteskap eller partnerskap, fått forholdet nedteikna i offentlege protokollar, og er formelt saman.
  • Familie – partane får eitt eller fleire born, og er ein ny kjernefamilie

Kjærleiken i filosofien[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet kjærleik har vore eit heitt tema i litteratur og filosofi. Filosofisk er det særskilt knytt til Platon og åndelæra hans, og denne tankegangen har hatt stor påverknad på kjærleikssynet innan kristendommen og europeisk litteratur, særleg i mellomalderen og under romantikken. Platon utvikla tanken om den ideelle kjærleiken, som var frigjort frå materielle band.

Gresk og seinare latinsk tenking deler kjærleiken i tre grunnleggjande deler. På gresk skil ein mellom eros (sanseleg kjærleik, med avleiinga erotikk), filia eller venskap, og endeleg agape, den oppofrande kjærleiken, som fekk mykje å seia for kristen tenking.

Språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Dei skandinaviske språka er unike i europeisk samanheng fordi dei skil mellom kjærleik på den eine sida og elsk på den andre. Det har vore hevda, av mellom anna filosofen Tore Frost, at dette skriv seg frå kristen påverknad. Kjærleiksomgrepet er tradisjonelt ikkje synonymt med elsk-omgrepet, fordi det famnar vidare enn rein «elsk-hug». Det er grunnar til å tru at det skriv seg frå det latinske caritas, ei omsetjing av gresk agape, altså den oppofrande kjærleiken.

I fleire europeiske språk skil ein ikkje mellom verbet og substantivet, slik at ein får ordpara love og make love på engelsk, liebe og lieben på tysk, amour og aimer på fransk. Det tilsvarande norske verbet er «å elska» (i dag i nokon grad fortrengt av det nyinnhenta omgrepet «å ha sex»).

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kjærleik