Kjølsdalen kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°55′4″N 5°37′26″E

Kjølsdalen kyrkje
Kjoelsdalen kyrkje.jpg

Foto: kirkenorge.no

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Bjørgvin
Prosti:  Nordfjord
Fellesråd:  Eid
Sokn:  Kjølsdalen
Innvigd:  13. september 1940[1]
Endringar:  1992
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Arkitekt:  Hans Fredrik Crawfurd-Jensen[1]
Materiale:  Tre
Kyrkjerommet
Plassar:  350 [1]

Kjølsdalen kyrkje står nedst i Kjølsdalen i Eid kommune i Sogn og Fjordane, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1940.[1]

Kjølsdalen kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Kjølsdalen kyrkje

Kyrkja vart førd opp etter same teikningane som Hildrestranda kapell i Haram. Teikningane var laga av riksarkitekt Hans Fredrik Crawfurd-Jensen.[1] Inventaret er frå byggjeåret eller seinare, bortsett frå eit krusifiks på altaret som truleg er frå den gamle Davik kyrkje.

Under Nyårsorkanen i 1992 vart kyrkja mykje skada og nærpå blesen overende. Etter eit stort reparasjonsarbeid og montering av ståldragarar vart kyrkja betre sikra mot liknande i framtida.

Kjølsdalen kyrkje er soknekyrkje i Kjølsdalen sokn i Nordfjord prosti. Då kyrkja var bygd høyrde området til Davik prestegjeld, og før dei fekk Kjølsdal-kyrkja sokna dei til Davik kyrkje på sørsida av fjorden. Kjølsdalen vart utskild som eige sokn frå Davik i 1954, og i 1965 vart Kjølsdalen overførd frå Davik til Eid prestegjeld.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]