Kjønnsdiskriminering
Kjønnsdiskriminering eller sexisme vil seie å forskjellsbehandle nokon på grunn av kjønn. Historisk har samfunn diskriminert ulike kjønn på ulike måtar. Vanlege former for kjønnsdiskriminering gjennom tidene er at kjønna har eller har hatt ulik tilgang til liv og helsestell, mat, utdanning, styre og økonomi i samfunnet.
I Noreg er kjønnsdiskriminering forbode gjennom Likestillingsloven.[1]
Innhaldsliste |
Døme [endre]
Eit av dei tydelegaste døma på diskriminering i dagens samfunn er når kvinner får mindre betalt enn menn for å utføre den same jobben. I samfunnet vårt er det òg mange fleire mannlege leiarar enn kvinner, noko som òg kan forklarast ved at ikkje like mange kvinner ynskjer å vere leiarar.
Eit døme på statleg diskriminering av menn er verneplikta som finst i mellom anna Noreg og Tyskland. Alle menn er pålagde ein samfunnstjeneste fordi dei er menn. Eit anna døme er at menn stadig får høgare straffer enn kvinner for same lovbrot.