Kjøtetande plante

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Venus flugefangar med bytte

Ein kjøtetande plante er ein plante som får næringa si ved å fanga og bryta ned dyr, som regel insekt. Desse plantane veks særleg i tynt eller næringsfattig, særleg nitrogenfattig, jordsmonn. Dei uvanlege plantane har fascinert forskarar sidan Charles Darwin skreiv den første avhandlinga om dei i 1875.

Plantane kan fanga dyr på ulike måtar.

Dei mest kjende er kanskje klappfellene, ei felle av to blad med hår på utsida som kan minna om eit munngap. Inni fellene skil plantane ut ei raudleg nektar som luktar søtt og trekker til seg insekt. På innsida har dei òg små hår som merkar seg kontakt og rørsle frå andre. Ved kontakt klappar fella halvvegs igjen, og dersom insektet byrjar å kava for å koma seg ut registrerer fella dette og går heilt igjen.

Tettegras er ei klisterfelle.

Nokre plantar bruker klister som insekta sit fast på, og kan deretter rulla blada sine rundt dei, eller halda dei fast med slimete hår.

Nokre har traktforma kanne-feller som byttet dett nedi og ikkje kan koma seg ut av, fordi trakta er for glatt, bratt eller hårete.

Vassplantar kan bruke blærer til å trekka inn vatn og uheldige insekt i eit lite dragsug.

Etter at dei har fått tak i byttet sitt, et plantane det ved hjelp av nedbrytande enzym.


Ulike kjøtetande plantar: «Klappfeller»

«Fluepapir»

  • soldogg (Drosera)
  • tettegras (Pinguicula vulgaris)
  • Drosophyllum
  • Triphyophyllum
  • Byblis

«Blærefeller»

  • blærerot (Utricularia)
  • Polypompholyx
  • Genlisea
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kjøtetande plante