Kjartan Fløgstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kjartan Fløgstad
Kjartan Fløgstad2.jpg
Kjartan Fløgstad
Foto: Jarle Vines
Pseudonym K. Villum
Nasjonalitet Norsk
Fødd 7. juni 1944 (70 år)
Yrke Forfattar
Periode 1968-
Debut Valfart

Kjartan Fløgstad (fødd 7. juni 1944) er ein norsk forfattar fødd i industristaden Sauda i Rogaland. Han har skrive dikt, romanar og sakprosa.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Fløgstad debuterte som lyrikar med diktsamlinga Valfart i 1968. Gjennombrotet kom med romanen Dalen Portland (1977), som han fekk Nordisk råds litteraturpris for. Fløgstad skriv på nynorsk.

Fløgstad studerte litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Etterpå arbeidde han i ei tid som industriarbeidar og sjømann før han debuterte som lyrikar med diktsamlinga Valfart i 1968.

I 1970 debuterte Fløgstad som prosaforfattar med Den hemmelege jubel. I 1972 kom novellesamlinga Fangliner, der han lét sjøfolk og skiftarbeidarar i tungindustrien koma til orde på deira eige språk, og forfattaren sitt marxistiske grunnsyn vart tydeleg. Gjennombrotet kom i 1977 med romanen Dalen Portland. Her fylgjer han utviklinga av det norske industrisamfunnet gjennom to generasjonar i etterkrigstida. I Fyr og flamme er det snarare avviklinga av industrisamfunnet som vert skildra, der siste generasjon misser det å høyra til ei klasse i klassesamfunnet. Dei klasselause ender som rastlause menneske med eit indre tomrom.

Fløgstad har vore ein aktiv kulturdebattant og essayist. På same vis som romanane demonstrerer essayistikken eit tvitydig forhold til norsk industrikultur på den eine sida og internasjonal kulturindustri på den andre. Han har skrive ein biografi om diktaren Claes Gill, reiseskildringar frå Latin-Amerika, om norske utvandrarar til Sør-Amerika, og har i tillegg gjendikta latinamerikanske lyrikarar. Arbeidets lys er ein analyse av tungindustrien i Sauda, og Osloprosessen tek for seg spriket mellom hovudstaden si sjølvforståing og byen si minkande tyding for landet si verdiskaping.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Kjartan Fløgstad les frå Pyramiden under litteraturfestivalen 2007 på Café Sting
Foto: Jarle Vines
  • Valfart - diktsamling (1968)
  • Sememoniar - diktsamling (1969)
  • Den hemmelege jubel - prosa (1970)
  • Fangliner - noveller (1972)
  • Rasmus - roman (1974)
  • Døden ikke heller - kriminalroman (1975) - som K. Villum
  • Ein for alle - kriminalroman (1976) - som K. Villun
  • Dalen Portland - roman (1977)
  • Fyr og flamme - roman (1980)
  • Loven vest for Pecos - essaysamling (1981)
  • U 3 - roman (1983)
  • Ordlyden - essaysamling (1983)
  • Det 7. klima - roman (1986)
  • Portrett av eit magisk liv. Poeten Claes Gill - biografi (1988)
  • Arbeidets lys. Tungindustrien i Sauda gjennom 75 år - sakprosa (1990)
  • Kniven på strupen - roman (1992)
  • Fimbul - roman (1994)
  • Dikt og spelmannsmusikk 1968-1993 - (1993)
  • Pampa Union. Latinamerikanske reiser - reiseskildring (1994)
  • Ved Roma port - (1994)
  • Antipoder - essaysamling (1996)
  • Kron og mynt - roman 1998)
  • Dei ytterste ting. Nødvendighetsartiklar - essaysamling (1998)
  • Eld og vatn. Nordmenn i Sør-Amerika - sakprosa (1999)
  • Evighet varer lengst - skuespill (2000)
  • Sudamericana - reiseskildring (2000)
  • Osloprosessen - 2000
  • Shanghai Ekspress - reiseskildring (2001)
  • Paradis på jord - roman (2002)
  • Brennbart - sakprosa (2004)
  • Snøhetta: hus som vil meg hysa - sakprosa 2004
  • Grand Manila - roman (2006)
  • Pyramiden, portrett av ein forlaten utopi - essays (2007)
  • Grense Jakobselv - historisk roman (2009)
  • Nordaustpassasjen - roman (2012)
  • Magdalenafjorden - roman (2014)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Øystein Rottem: Kjartan Fløgstad. Eit forfattarhefte. Oslo, 1999
  • Torgeir Haugen (red.): Litterære skygger. Norsk fantastisk litteratur. Oslo, 1998
  • Agora nr. 4-2005: Kjartan Fløgstad.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]