Kjeldebotn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 68°24′20.477″N 16°39′20.837″E Kjeldebotn er ei jordbruksbygd i Ballangen kommune i Nordland. Bygda har ca. 300 innbyggarar.

Bygda er endepunkt for riksveg 819, og avstanden til kommunesenteret Ballangen er 20 km. Til Narvik, som er næraste by, er det 60 km. Kjeldebotn ligg på sørsida av Ofotfjorden, og har båtsamband til Harstad/Narvik lufthamn Evenes, som ein kan nå på 25 minutt. Det er hurtigbåtrute til Svolvær, som tar 2–3 timar. Det er buss- og båtruter, blant anna til Narvik. I bygda er det daglegvarebutikk, post og kafé.

Kjeldebotn og området rundt er rik på fin natur, med Håfjellet (817 moh.) som den mest populære utfartsstaden. Området har fiskevatn og jaktterreng, og egnar seg også ypparleg til fjellvandringar. På sommarstid kan ein køyre opp til Håfjellet med bil, om vinteren kan ein bruke snøskuter eller ski.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på bokmål 13. mars 2011