Kjelfossen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Kjelfossen | ||
Kjelfossen |
||
| Stad | Gudvangen i Aurland, Sogn og Fjordane | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Type | Segmentert | |
| Totalt fall | 755 m | |
| Lengste fall | 149 m | |
| Elv | Kjelfossgrovi | |
| Status | Ikkje regulert | |
| Verdsrangering | 18. høgaste i verda. | |
Kjelfossen er den sjette høgaste fossen i Noreg og Europa ut frå totalt fall. Han ligg i Gudvangen i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Fossen består av fleire mindre fall. Det øvste fallet er det høgaste med ei lengd på 149 meter. Elva er ikkje regulert. Høgda på fossen er omstridd. Ut frå Statens Kartverk sine kart er høgda mest truleg 755 meter, men Statistisk Sentralbyrå rangerer fossen som den høgaste i Noreg med eit samla fall på 840 meter.[1]
Kjelfossen består av tre fossar. Den største av dei vert ofte kalla Store Kjelfossen og ligg lengst til venstre. Fossen i midten vert kalla Vetle Kjelfossen, medan den siste og minste ikkje har namn.
Innhaldsliste |
Sjå òg [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Bilete av Kjelfossen
- Gammalt bilete av alle tre fossane
- Bilete av det øvste fallet
- Nyare bilete av alle tre fossane
- Trude Knutzen: «Fossane i Nærøyfjorden» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane