Kjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kjell Magne Bondevik, tidlegare norsk statsminister.
Foto: Bjarte Sørensen

Kjell er eit gammalt nordisk namn. Det byrja å bli mykje brukt på 1600-talet då det tok over frå den eldre namneforma Kættil eller Kettil, som òg var forløparar for namnet Kjetil. Namnet har samanheng med ordet kjele, truleg med tydinga 'offerkjele' eller 'hjelm'.

Kjell er eit vanleg norsk namn, og i 2009 var det 30 427 som hadde dette som fornamn. Namnet var mykje brukt på 1940- og 50-talet, men bruken er seinare blitt sjeldan blant nyfødde gutar.

Kjell har norsk namnedag den 11. juli og svensk den 8. juli.

Variantar og samansetjingar[endre | endre wikiteksten]

Namnet Kjell finst i mange samansetjingar, som Kjell Elvis.
Foto: Jarle Vines

Kvinnelege former av namnet er Kjella, Kjelline og Kjellina.

Ein finn også namnet Kjell i mange namnesamansetjingar, både eldre som er skrivne i eitt ord, eller i nyare, som blir skrivne i to ord med eller utan bindestrek mellom.

Eldre: Askjell, Grimkjell, Kjellbjørn, Torkjell
Nyare: Kjell Inge, Kjell Magne, osb.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]