Kjell Hallbing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjell Hallbing

Kjell Halbing viser fram ein teikneserieversjon av seriesuksessen Morgan Kane i 1973.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. november 1934
Bærum kommune
Død

6. mai 2004 (69 år)
Tønsberg

Yrke skribent

Kjell Kaare Hallbing (5. november 19346. mai 2004) var ein norsk forfattar. Hallbing er best kjend under pseudonymet Louis Masterson. Han nytta òg pseudonyma Ward Cameron, Leo Manning og Lee Morgan.

Han Hallbing skreiv bokserien om westernhelten Morgan Kane, i alt 83 bøker i perioden 1966–1978, alle utgjevne på forlaget Bladkompaniet. I alt har dei 83 Morgan Kane-bøkene selt over 10 millionar eksemplar i Noreg. Hallbing har skrive nesten like mange bøker om andre heltar og tema, til saman har han skrive rundt 150 bøker.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Kjell Hallbing vart fødd i Bærum. Han arbeidde som bankfunksjonær, men han var glad i å skrive. Det første bokprosjekt hans, Riflen som synger, vart refusert i 1960. Året etter kom likevel både debutboka Ubåt-kontaktNasjonalforlaget, som han skreiv under eige namn, og den første westernboka Portrett av en revolvermann på forlaget Green. Hallbing skreiv i starten òg fleire noveller og krigsromanar. I perioden 1962 til 1965 veksla han mellom pseudonyma Ward Cameron, Leo Manning og Lee Morgan. Han samarbeidde i denne perioden hovudsakleg med forlaget Green.

Morgan Kane[endre | endre wikiteksten]

I 1965 gav Hallbing ut boka Drep for loven på Nasjonalforlaget. Boka vart seinare skriven om, og gjeven ut som bok nummer 22, med same tittel i Morgan Kane-serienSerieforlaget i 1968. Seinare same år gav Hallbing ut boka Morgan Kane – Texas RangarRomanforlaget under pseudonymet Colin Hawkins (boka vart seinare gjenutgitt som bok nummer 15, Mellom liv og død, i Morgan Kane-serien). Figuren Morgan Kane var gjeve liv, og skulle bli han som gav Hallbing suksess.

Den tradisjonelle western-sjangeren, med cowboybøker og cowboyfilmar var enno svært populære i Noreg. Men interessa var fallande i USA, og dermed minka tilgangen på nytt materiale. Bladkompaniet utgav magasinet Western med noveller og artiklar frå det gamle vesten. Forlagssjef Finn Arnesen leitte difor etter norske forfattarar som kunne bidra. Han fann bankfunksjonæren og hobbyforfattaren Kjell Hallbing. Saman skapte dei Noregs største suksess innan kiosklitteratur. Pseudonymet Louis Masterson høvde når lesarane var vande med amerikanske forfattarar. Etternamnet Masterson kan ha vore inspirert av dei ekte westernheltane brørne Eid, James og Bat Masterson.

Bladkompaniet fortsette å gje ut Morgan Kane i «Stjerneserien», ein serie med gule omslag som òg bestod av mange omsetjingar. Salet tok av, og Kjell Hallbing vart heiltidsforfattar frå 1969. For å spe på inntekta skreiv Hallbing i 1969 òg 14 bøker om Clay Allison, ein genre kalla «sexywestern» med noko meir inngåande eksplisitte skildringar enn han hadde i dei andre bøkene sine. For desse henta Hallbing fram det gamle altret egoet sitt, Leo Manning og bøkene vart gjeve ut på Williams forlag. Rettane til namnet Clay Allison vart seinare selt og bøkene blir framleis utgjevne (på eit anna forlag). Bøker i serien skrive av andre forfattarar har eit noko grovare innhald enn Hallbings opphavlege bidrag.

Som Louis Masterson vart Kjell Hallbing den første norske forfattaren som selde betre enn omsette forfattarar i kioskar og på bensinstasjonar. Hallbing bygde seg opp ein formue som han blant anna brukte til å starte eige forlag.

1980-talet vart Jim Young, ein ukjent amerikansk skodespelar, plukka ut til å portrettere Kane. Mangel på investorar gjorde at filmprosjektet fall. I 2001 vart filmen Døden er en ensom jeger produsert direkte for video med Frank Iversen som Morgan Kane, Mads Ousdal, Jan Grønli og Knut Husebø som skurken til filmen. Line Verdal og Hanne Rekkedal spelte horer. Filmen vart sloppe på VHS i mars 2002, utan vidare suksess.

I 1975 reiste Hallbing for første gongen til USA og til dei områda kor han hadde plassert handlinga i Morgan Kane-serien. Denne reisa resulterte i boka I Morgan Kanes fotspor, ein reiseskildring ispedd noveller frå Kanes liv.

Diablito og El Diablo[endre | endre wikiteksten]

I 1978 og 1979 gav Hallbing ut Diablito-serien, tre bestseljarar om Morgan Kanes son Paco Galàn. Korset og sverdet og Lenken og fanen kom i 1978, Flammen og rosen i 1979.

I den seinare El Diablo-serien drog Hallbing figurane Kane og Galàn saman over fire bøker: El Diablo 1991, Askeneven 1994, Fryktens port 1996, og Hallbings siste bok Stormens øye frå 1997.

Kjell Hallbings Forlag[endre | endre wikiteksten]

Hallbing starta i 1972 sitt eige forlag, Kjell Hallbings Forlag. Formålet var å stå friare til få publisert anna material enn Morgan Kane.

Louis Masterson-serien[endre | endre wikiteksten]

Frå 1972 til 1975 utgav forlaget Louis Masterson-serien. Fleire av desse bøkene var nytrykk av bøkene gjeve ut på Green tidleg på 60-talet, medan nokre var nye. Louis Masterson-serien vart seinare, i perioden 1986 til 1991, òg gjeve ut på Serieforlaget (i Stjerneserien), då med 19 nye titlar. Jesse Rawlins, ein figur som er med i fleire av bøkene om Morgan Kane har 8 eigne bøker i denne serien.

Hallbing tok òg Clay Allison-bøkene med seg til sitt eige forlag, og gav dei ut på nytt med Louis Masterson som forfattar. Òg desse historiene kom frå 1990 i Serieforlagets Stjerneserien. Seinare vart rettane til namnet Clay Allison selt, og fleire bøker i serien vart skrivne av andre forfattarar.

Louis Masterson-magasinet[endre | endre wikiteksten]

Louis Masterson-magasinet vart gjeve ut i to nummer i 1977 på Kjell Hallbings eige forlag. Nr 1 inneheldt ein teikna versjon av historia «Spissrot» der Metzgar hadde hovudrolla, og nr 2 hadde El Sordo som hovudperson i historia «Når agavene blomstrer». Teiknar her var Ernst Vevle Olsen under pseudonymet «Ernst Meister».

Desse teikna versjonane vart trykt på nytt i nr 2, 4 og 8 av teikneseriemagasinet Colt på eit anna forlag frå 1987. Nr 2 inneheldt «Spissrot», nr 4 «Når agavene blomstrer» medan nr 8 inneheldt ei historie om Jesse Rawlins, kalla «Rawlins» (òg denne teikna av Ernst Meister).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]