Kjell Ingolf Ropstad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjell Ingolf Ropstad (fødd 1. juni 1985) er ein norsk ungdomspolitikar som var leiar av Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU). Ropstad er opphavleg frå Evje og Hornnes kommune i Aust-Agder, men er busett i Oslo.
Ropstad vart vald til leiar i KrFU på landsmøtet til partiet i juni 2007. Han vart erstatta av Elisabeth Løland på landsmøtet i 2010.
Ropstad er det yngste KrF-medlemet som har møtt på Stortinget nokon gong.[1] Det gjorde han som vararepresentant for Åse Gunhild Woie Duesund i 2006, som 20-åring. Han sit også på fylkestinget i Aust-Agder og i kommunestyret i Evje og Hornnes kommune.
Ved Stortingsvalet i 2009 vart Ropstad innvalt som Stortingsrepresentant frå Aust-Agder for KrF.
Kjelder og bakgrunnsstoff [endre]
- Bloggen til Kjell Ingolf Ropstad
- Biografi på Stortinget sine nettsider
- VG, 17.09.2009:Telefonstorm for Tingets yngste
- Store Norske Leksikon om Ropstad.