Kjell Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vernebygget over domkyrkjeruinen på Hamar

Kjell Arve Lund (fødd 18. juni 1927 på Lillehammer, død 17. august 2013) [1] var ein kjent norsk arkitekt. Han var òg kjent som visediktar med fleire populære barnesongar i Barnetimen for dei minste på slutten av 1950-talet.

Arbeid og karriere[endre | endre wikiteksten]

Arkitekten[endre | endre wikiteksten]

Kjell Lund vart utdanna ved NTH i 1950. I 1958 etablerte han eige arkitektkontor i Oslo saman med Nils Slaatto (1923–2001), Kjell Lund og Nils Slaatto (ANS), og har sidan teikna ei rekke hus som har vekt stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Av kjente bygningar finn ein VeritasbyggetHøvik, vest for Oslo, Chateau Neuf og Noregs Bank (1973–1987) begge i Oslo. Kontoret har òg teikna kloster og kyrkjer, mellom desse St. Hallvard kyrkje og kloster (1958—1966), ein bygning som arkitektstanden sjølv har kåra til 1900-talets viktigaste, og vernebygget over domkyrkjeruinen på Hamar (1997—1998). Arkitektkontoret vart kjent for store byggeoppgåver i tegl og betong og for å nytolke trearkitekturen. Kjell Lund opererte innanfor eit strukturalistisk arkitekturuttrykk, kjenneteikna ved å vere oversiktleg og ha synlege konstruksjonar. Samarbeidet med Slaatto varte heilt til 1995, men Lund + Slaatto Arkitekter, som vart etablert i 1987, vidarefører kontinuiteten frå det opphavlege selskapet. Kjell Lund underviste både ved NTH og AHO. Han var ei tid redaktør for Byggekunst og Arkitektnytt og skreiv ei rekke fagartiklar om arkitekturen si rolle i samfunnet og tilveret.

Kjell Lund vart tildelt Norsk Form sin heiderspris for 1995 og Groschmedaljen i 2005. Han var æresmedlem av Norske Arkitekters Landsforbund og riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Barneunderhaldaren[endre | endre wikiteksten]

Kjell Lund har stått bak fleire seriar i Barnetimen for dei minste i NRK frå 1958 til 1962. Der framførte han rundt 20 eigne viser. Av desse kom åtte ut på plate. Mellom dei mest kjente er «Her kommer guttemusikken», som vart skriven for Lørdagsbarnetimen, «Hobbyvisa» og «Den store sinte svarte skumle katta til fru Haugen». Han gav ut «Her kommer guttemusikken og tretten andre viser fra barnetimen» i 1961 og barneboka «Pål og Gro på Maihaugen» i 1966, som er ei historie om to barn som opplever korleis det var å bu på ein gard i Vågå i 1780-åra.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Viser Fra Barnetimen For De Minste - EP
  • I Barnetimehuset - LP

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]