Kjell Magne Bondevik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjell Magne Bondevik (f. 3. september 1947) i Molde) er teolog (cand.theol. frå Menighetsfakultetet i Oslo i 1975) og ein tidligare norsk politikar i (KrF). Han var kyrkje- og undervisingsminister i Willoch-regjeringa 1983–86 og utanriksminister i Syse-regjeringa 1989–90.
Frå 17. oktober 1997 til 3. mars 2000 var Bondevik statsminister i ei trepartiregjering mellom KrF, Senterpartiet og Venstre. Denne regjeringa vart kalla Sentrumsregjeringa og vart felt på spørsmålet om forureiningsfrie gasskraftverk. Bondevik var òg statsminister for ei mindretalsregjering utgjort av KrF, Høgre, og Venstre frå 19. oktober 2001 til 17. oktober 2005. Denne regjeringa kalla seg sjølv Samarbeidsregjeringa og gjekk av etter valnederlaget i 2005. Bondevik si andre regjering var den første som hadde sete ein heil valperiode sidan Per Borten si fyrste regjering 1965–1969. Under si andre regjeringtid vart Bondevik i 2004 tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.
Kjell Magne Bondevik er nevø av politikaren Kjell Bondevik og fetter av biskop Odd Bondevik. Kjell Magne voks opp som son av rektoren ved ein kristen folkehøgskule i Molde og tok examen artium ved Molde kommunale høgre ålmennskule. Han gifta seg og stifta familie med ungdomskjærasten frå heimbyen, Bjørg Rasmussen.
| Føregjengar: Thorbjørn Jagland |
Statsminister i Noreg |
Etterfølgjar: Jens Stoltenberg |
| Føregjengar: Jens Stoltenberg |
Statsminister i Noreg |
Etterfølgjar: Jens Stoltenberg |
[endre] Sjå òg
- Lengst sitjande norske statsministrar
- Liste over norske statsministrar
- Liste over norske regjeringar
- Liste over norske utanriksministrar
- Kjell Magne Bondevik si fyrste regjering
- Kjell Magne Bondevik si andre regjering
|
|
|---|
| Trygve Lie (–1946) · Halvard Lange (1946–63) · Erling Wikborg (1963) · Halvard Lange (1963–65) · John Lyng (1965–70) · Svenn Stray (1970–71) · Andreas Cappelen (1971–72) · Dagfinn Vårvik (1972–73) · Knut Frydenlund (1973–81) · Svenn Stray (1981–86) · Knut Frydenlund (1986–87) · Thorvald Stoltenberg (1987–89) · Kjell Magne Bondevik (1989–90) · Thorvald Stoltenberg (1990–93) · Johan Jørgen Holst (1993–94) · Bjørn Tore Godal (1994–97) · Knut Vollebæk (1997–2000) · Thorbjørn Jagland (2000–2001) · Jan Petersen (2001–05) · Jonas Gahr Støre (2005– ) |