Kjeller flyplass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kjeller flyplass

Kjeller 1913.jpeg

Foto: Anders Beer Wilse (1913)

IATA: – ICAO: ENKJ
Oversyn
Flyplasstype Militær/Sivil
Eigar Forsvaret
Operatør Forsvarets Logistikkorganisasjon
Høgd  345 ft / 105,2 moh moh


Nettside http://www.kjellerflyplass.no/
Rullebanar
Retning Lengd Banedekke
fot meter
12/30 4452 1357x30 Asfalt

Kjeller flyplass er ein flyplass som ligg på Kjeller i Skedsmo kommune i Akershus. Flyplassen ligg rett nord for Lillestrøm.

Kjeller var Noreg sin første flyplass. Den første flyturen frå Kjeller fann stad 21. september 1912. Einar Sem-Jacobsen var flypionéren på Kjeller.

Flyplassen er eigd og blir drive av Luftforsvaret samtundes som dette er den største basen for småfly i Noreg. På Kjeller finst den største samlinga av flygedyktige veteranfly i Noreg i tillegg til fleire flyklubbar og organisasjonar. Flyplassen blir brukt mellom anna av Oslo Flyveklubb og Nedre Romerike Flyklubb. Av organisasjonar med tilhald på Kjeller er Experimental Aircraft Association, Chapter 573 Norway og Kjeller Flyhistoriske Forening.

Av kommersiell verksemd er flyverkstaden Aeromech og avionikkforhandlar og sørvisinstansen Hovet & Co i tillegg til helikopterselskapet Helikopterdrift.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]