Kjemikalie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Laboratorieframstilling av diazometan.

Kjemikal, kjemikalie eller kjemikalium er preparat framstilte gjennom kjemiske metodar i fabrikkar eller laboratorium. Dei skil seg dermed frå droger som er stoff framstilte frå dyr eller plantar. Kjemikalie kan vera organiske eller uorganiske, og kan vera heilt like kjemisk sambindingar som er blitt framstilte som droger.

Ein skjel mellom finkjemikale og tungkjemikalie. Finkjemikaliar er reine kjemikaliar som blir framstilte og nytta i laboratoriemålestokk med ulik reinleiksgrad. Reinleiken blir oppgjeven med nemningar som rein (purum), reinast (purissimum eller puris.), pro analysi, eller i prosent, promille eller parts per million (ppm). Tungkjemikaliar er kjemikaliar, særleg uorganiske, som blir framstilte i store mengder med såkalla teknisk reinleiksgrad. Syrer, salt og lut som ikkje har blitt særskild reinsa er døme på tungkjemikalie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]