Kjemisk symbol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kjemisk symbol er ei forkorting for namnet på eit grunnstoff. Symbolet er ein eller to bokstavar, ofte frå det greske eller latinske namnet. Gull med det kjemiske symbolet Au (etter latin aurum) er eit døme. Nokre menneskeskapte grunnstoff har midlertidige symbol med tre bokstavar.

Den første bokstaven i symbolet er alltid stor, den andre liten. Co (kobolt) er eit grunnstoff, men CO (karbonmonoksid) er ei sambinding.

Kjemiske symbol er vist i periodesystemet, og vert brukt i reaksjonslikningar.