Kjempe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kjempe tyder i vanleg eller moderne språkbruk ein som er storvaksen, eller stor på anna vis (kjempevokster). Ordet er avleida av kamp, og ei kjempe tydde opphavleg ein stridsrøynd mann, ein krigar, eller ein helt. Varianten kjempekar tydde gjerne ein kar som ofte var i basketak og slagsmål, og som var ovende sterk. Vegen frå "stridsfør" til "storvaksen" er lett å skjøne når ein tenkjer seg at krigarar gjerne var valde mellom dei storvaksne karane. Sogelitteraturen nyttar ofte kjempe på denne måten.

Å Kjempe tyder å ta del i ein kamp. Semantisk er det vanleg å nytte verbet om vonlaust stor motmakt, som ein ikkje støtt kan rå med.

Ordet er ofte nytta som forsterkande førelekk i adjektiv: Kjempestor, Kjempegøy, (kjempeliten). I nyare slang er dette ofte bytta ut med lekkjen Mega (frå gresk for stor).

Samansetningar[endre | endre wikiteksten]

For planta kjempe, sjå groblad.