Kjempekolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kjempekolibri

Status i verda: LC Livskraftig

Patagona Gigas.jpg

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Apodiformes
Familie: Trochilidae
Slekt: Patagona
Art: P. gigas
Vitskapleg namn
Patagona gigas
Gray, 1840
Kjempekolibri
Namn på andre språk
Svensk Jättekolibri
Dansk Kæmpekolibri
Engelsk Giant Hummingbird
Tysk Riesenkolibri
Fransk Colibri géant
Spansk Picaflor gigante
Russisk Ispolinskij kolibri (Исполинский колибри)

Kjempekolibri (Patagona gigas) er den største kolibriarten, totallengda er opp mot lengda til ein star. Han finst i Andes, frå Ecuador i nord ned til sentrale Chile og Argentina i sør. Dette er einaste arten i slekta Patagona.

Habitata ligg i páramo økosystem, tørt halvopent terreng, i skogkantar ved jordbruksområde og i hagar i høgder frå 2000 til 4300 moh.

Kjempekolibrien er ca 20 til 21 centimeter lang frå nebbspiss til halespiss og veg om lag 18-20 gram. Han er kjenneleg på storleiken, men i flukt kan han somme tider forvekslast med andesseglar. Han kan ha slå uregelmessige vengeslag avbroten av korte glideflukter. Når han 'stiller' i lufta nyttar han kraftfulle vengeslag i relativt låg frekvens. Kjempekolibrien har gråbrun overside, raudbrun underside og har kvitt på overgump og undergump. Kjønna er nesten like, men hofuglen har noko mindre styrke i fargene og mindre lyst område på oversida. Nebbet er nesten rett og ca. 4 cm langt.

I Bolivia er kjempekolibrien kjent som 'burro q'enti'. Det spanske ordet "burro" refererer til den kjedelege, relativt lite iaugefallande fjørdrakta denne arten har samanlikna med fjørdrakta til andre kolibriartar, som til dømes den kometkolibrien kan vise fram.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen Giant Hummingbird på engelsk Wikipedia, lesen 22. januar 2009
  • Schulenberg, T., Stotz, D. Lane, D., O'Neill, J, & Parker, T. Birds of Peru. Christopher Helm, London. (2007) ISBN 978-0-7136-8673-9
  • Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]