Kjempeviseslåtten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kjempeviseslåtten (en.: Ballad of Revolt, ty.: Ballade des Aufruhrs) vart komponert av Harald Sæverud i 1943. Komposisjonen høyrer til samlinga Slåtter og stev frå Siljustøl som komponisten skreiv under andre verdskrigen. Dei tjuetals nummera i samlinga er skrivne for klaver, men nokre av dei, som Kjempeviseslåtten, er òg arrangerte for symfoniorkester.

Orkesterutgåva er utvida med eit forspel der eit motiv frå Skjebnesymfonien, som BBC bruka som pausesignal under krigen, er sentralt. Dette temaet finn vi òg att i sjølve slåtten. Tittelen refererer både til motstandskampen og til «kjempevisene» i folkevisetradisjonen. Komponisten har sjølv fortalt at han knytte handa i lomma og bestemte seg for å skrive eit verk som skulle vere hans bidrag til motstandskampen. Orkesterversjonen vart urframført i Oslo i 1945.

Verket er dedikert «Til Heimefrontens store og små kjempere!» Hovudtemaet trer først fram i det stille, men vert gjenteke på nye måtar gjennom heile komposisjonen og med stigande intensitet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]